Klimakronene i årets Statsbudsjett
Klimaforsikring, høgare flyseteavgift og kollektivsatsing. Her går klimakronene.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Demonstrasjonar verda over, klimabrøl og aukte klimamål i FN-tale og Granavolden-plattformen, har sett høge forventningar til auka pengebruk på klimatiltak, i neste års statsbudsjett.
Statsbudsjettet for 2020 er på 1.414,6 milliardar kroner. Til saman litt over 7 milliardar kroner er sett av til klimatiltak i heile statsbudsjettet.
Kollektivsatsing og jernbane
– Me vil betra togtilboda og auka kollektivsatsing i byområde, slik at det vert enklare for folk å velgje miljøvenleg transport, sa finansminister Siv Jensen frå Stortingssalen så ho la fram Statbudsjettet måndag.
I tråd med bompengeavtalen som vart gjort mellom regjeringspartia i haust, er det føreslått totalt 5,4 milliardar kroner til kollektivtransport, sykkel og gange – i tillegg til reduserte bompengar, i dei ni største byane i landet.
– Regjeringa føreslår 26,8 milliardar på jernbane. Me vil fasa inn ni nye tog og starta eit nytt stort prosjekt på Dovrebanen, i tillegg til å trappa opp prosjekt som allereie er starta. Me vil ha fleire avgongar, sovevgoner og betre nettdekning, sa Jensen frå talarstolen.
Kollektiv
- 5,4 milliardar til kollektivtransport, sykkel og gange
- 300 millionar til reduserte billettprisar for kollektivtransport i dei store byane
Jernbane
- 26,8 milliardar på jernbane
- 110 millionar til ni nye tog
- 50 millionar til betring av togtilbodet (fleire avgonar og betre nett-tilgong)
- 50 millionar til å bygge om sittevogner til sovevogner, med liggjestolar
- 100 millionar til elektrifisering av Meråkerbanen og delar av Trønderbanen
- 10 millionar til å greia ut transportløysingar i Nord-Noreg, mellom anna Nord-Norge-banen
- 50 millionar til sykkelhotell og sykkelparkering på jernbanestasjonar.
Veg- og sjøtransport
Regjeringa føreslår også 100 millionar kroner til oppfølging av handlingsplan for grøn skipsfart. Dette for å sørga for auka bruk av null- og lågutsleppsløysingar i fylkeskommunale snøggbåtsamband og grøn flåtefornying av lasteskip.
Nullutsleppsfondet for næringstransport, blir styrka med 50 millionar kroner. Dette er eit steg i satsinga for å trappa opp satsinga på nullutsleppsteknologi i næringstransporten og medverke til reduserte utslepp frå veg- og sjøtransport. Fondet vil etter dette vera på 1,050 milliardar kroner.
I Granavolden-plattforma frå januar i år, er det varsla at regjeringa fører vidare skattefordelane for elbil når det gjeld eingongsavgift og meirverdiavgift i heile perioden for å nå 2025-måla.
Andre elbilfordelar, som gratis parkering, ferjetransport og bompengar, skal avgjerast lokalt. Men prisane for elbilar skal ikkje vera meir enn halvparten av prisane for vanlege bilar.
- 100 millionar til handlingsplan for grøn skipsfart.
- 50 millionar ekstra til Nullutsleppsfondet.
- Framleis skattefordelar for elbil på eingongsavgift og meirverdigavgift
CO2-avgifter
I tråd med Granavolden-plattformen, vil regjeringa starta med fem prosent opptrapping av CO2-avgifter i alle sektorar, kvart år, frå og med 2020. Pengane skal brukast til å senka andre skattar og avgifter i dei same sektorane.
CO2-avgifta for petroleumsverksemd og innanriks, kvotepliktig luftfart vert også auka med fem prosent.
Flyseteavgifta går også opp to prosent.
- Auke i CO2-avgifter på 5 prosent per år.
- Flyseteavgift opp 2 prosent.
Teknologi og forsking
Regjeringa vil løyva 210 millionar kroner til klimarelatert forsking i 2020.
Forsking for omstilling til lågutssleppssamfunnet, teknologiutvikling for det grøne skiftet og vellykka klimatilpassing får 35 millionar kroner.
Regjeringa føreslår mellom anna 15 millionar kroner til forsking på klimatilpassa og lønsam matproduksjon.
Regjeringa løyver også 55 millionar kroner til forprosjektering av Ocean Space laboratories i Trondheim, eit nytt forskingssenter for havteknologi.
Regjeringa foreslår også løyva 5 millionar kroner til Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) for å styrka arbeidet med ein handlingsplan for å auka klima- og miljøvennlege offentlege innkjøp og grøn innovasjon.
- 200 millionar til klimarelatert forsking
- 35 millionar til forsking på omstilling og teknologiutvikling til lågutslepssamfunnet
- 15 millionar til forsking på klimatilpassa matproduksjon
- 55 millionar til forprosjektering av Ocean Space Laboratories – forskingssenter
- 5 millionar til Difi for å sikra auka klima- og miljøvenlege offentlege innkjøp
Klimainvesteringar
Regjeringa føreslår også ei løyving på 700 millionar kroner til Nysnø Klimainvesteringer AS. Dei fekk 400 millionar kroner i 2019, som var ein auke på 200 millionar kroner frå 2018.
Nysnø har som vedtektsfesta mål å bidra til reduserte klimagassutslepp gjennom investeringar retta mot ny teknologi. Selskapet er heileigd av staten og eigarskapet vert forvalta av Nærings- og fiskeridepartementet.
Naturvern
Regjeringa vil styrka tiltak for naturmangfold og friluftsliv med om lag 76 millionar kroner i 2020. Løyvinga skal auka med 18 millionar kroner. Til saman føreslår regjeringa å løyve om lag 1,3 milliardar kroner til naturmangfaldtiltak i 2020.
Dette skal mellom anna dekkje arbeid for å ta vare på truga arter og naturtypar. Det kan til dømes vere aktiv skjøtsel, restaurering, biotopforbetrande tiltak og fjerning av framande skadelege organismar. Midlane vil mellom anna dekka oppstart av eit nasjonalt overvåkingsprogram for insekt.
Regjeringa vil gje 10 millionar kroner meir for å verne 10 prosent av skogen. Regjeringa vil også vidareføra løyvingane til klima- og skoginitiativet på 3,2 milliarder kroner i 2020. Dette skal mellom anna finansiera eit prosjekt for aukt datatilgang og openheit for å stoppa avskoging internasjonalt.
- 76 millionar til tiltak for naturmangfold og friluftsliv
- 18 millionar til tiltak for å ta vare på truga natur
- 10 millionar til skogvern
- 3,2 milliardar til klima- og skoginitiativ
- 8,5 millionar til tiltak og verdiskaping knytt til villrein
- 12 millionar ekstra til Meteorologisk institutt
- 70,3 millionar til innsats mot marin forureining
- 19 millionar til restaurering i tråd med vassforvaltingsplanane
- 42 millionar kroner til rydding av miljøgifter i Horten
Karbonlagring
Olje- og energidepartementet vil løyva om lag 670 millionar kroner til arbeid med fangst og lagring av CO2. Det er ei auke på over 160 millionar frå 2018, men framleis meiner fleire at det ikkje er nok.
I forslaget er det sett av midlar til vidare arbeid med eit fullskalaprosjekt for fangst og lagring av CO2, og vidareføring av forskningsprogrammet CLIMIT, i tillegg til ei auka løyving til Teknologisenter for CO2-fangst på Mongstad (TCM).
CLIMIT er det norske nasjonale programmet for forskning, utvikling og demonstrasjon av teknologi for fangst, handtering og disponering av CO2.
Regjeringa løyvar midlar til ei undersøkingsbrønn som skal gi meir informasjon om kor egna det planlagte reservoaret ved Mongstad er til å lagra CO2.
Arbeidet vert ferdig i 2020, og regjeringa tek sikte på at investeringsbeslutning for fullskalaprosjektet kan fattast i 2020/2021.
Det er no forhandlignar om Teknologisenteret for 20a-fangst på Mongstad skal driftast vidare, etter dagens avtale går ut i 2020. Dette vil Regjeringa ta endeleg stilling til, seinast i samband med revidert budsjett for 2020.
- 670 millionar til arbeid med fangst og lagring av CO2
- 208 millionar til Teknologisenter Mongstad
- 186 millionar til CLIMIT
- 126 millionar til Gassnova SF (arbeid med fullskalaprosjekt for fangst og lagring i Noreg)
- 149 millionar til industriaktørane sitt arbeid med planlegging, transport, lager og to fangstanlegg for CO2
Flom og skred
Flom- og skredforebygging får 565 millionar som skal gå til kartlegging, arealplanlegging, overvaking, varsling og sikringstiltak. I tillegg er det føreslått ei særskilt bevilling under NVE til utgifter ved krise- og hastetiltak i samband med flom- og skredhendingar, på 45 millionar.
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har kartlagt behova for flaum- og skredsikring i alle norske kommunar, og det siste kostnadsoverslaget er på drygt 3,9 milliardar kroner.
- 565 millionar til sikringstiltak mot flom og skred
- 45 millionar til krise- og hastetiltak
- 60 millionar til skre- og flaumsikring i Longyearbyen
- 100 millionar til tunnel og skredsikring over Kvamskleiva på E16
- 25 millionar til utbetring av riksvegen mellom Gran og Lunner (Hadeland)
- Dermed er det 380 millionar kroner att til flaum- og skredsikring i resten av landet.
Bistand
Klima, miljø og hav er prioritert i utviklingssamarbeidet. 7 milliardar kroner skal gå til bistandsrelaterte tiltak innan fornybar energi, klima, miljø og hav.
Pengane skal gå til arbeid for klimatilpassing, førebygging av klimakatastrofar og svolt over bistandsbudsjettet.
- 1,8 milliardar kroner til fornybar energi
- 1,4 milliardar til miljø og klima
- 3,3 milliardar til klima og skog
- 520 millionar kroner til berekraftig hav
- 50 millionar til FN sitt tilpassingsfond
- 100 millionar til mattryggleik, fisk og landbruk
- 100 millionar til andre tiltak
- 200 millionar ekstra til Det grøne fondet
- 50 millionar til berekraftig bruk av havet
Kutt i regnskogsatsing
Regjeringa held på regnskogsatsinga på 3,2 milliardar frå i fjor. Dei øyremerkar 100 millionar kroner av desse til å auka Det Grønne Klimafondet. Det betyr også at 100 millionar vert kutta frå regnskogsatsinga neste år.
Samstundes legg regjeringa opp til å betala for 20 og 30 millionar tonn reduserte utslepp av CO2 i fleire søramerikanske land, i tillegg til Indonesia og Gabon. Initiativet held fram arbeidet for berekraftig utvikling i partnarlanda, og for å redusera presset på tropiske skogareal gjennom globale marknadar.
Regjeringa føreslår ingen nye grep for å forhindra at det lovpålagte omsetjingskravet for biodrivstoff blir oppfylt gjennom salg av palmeolje.
- Regnskogsatsing 3,2 milliardar
- 100 millionar av desse til Det grønne klimafondet
- Betala for 20 og 30 millionar tonn reduserte utslepp av CO2 i fleire land
Framskriving av klimagass-utslepp
I Statsbudsjettet er det også utrekna utslepp av klimagassar i Noreg etter sektor, med framskrivingar til år 2030. Gjennom Pariavtalen har regjeringa forplikta seg eit kutt på 40 prosent innan 2030, samanlikna med 1990. Målet er 45 prosent.
Ifølgje framskrivingane når Noreg berre eit kutt på rundt 12% i 2030, samanlikna med utsleppa i 1990. Ifølgje utrekningar frå WWF blir det reelle talet omlag 15%.
Regjeringa fortel at dette skuldast at delar av måloppnåinga skal skje gjennom kjøp av klimakvoter. I tillegg peikar dei på at ikkje all politikk er teke med i denne framskrivinga. Det gjeld til dømes effekten av endringar i dette statsbudsjettet, og klimaplanen dei skal levera til FN i 2020.
Noreg har også teke initiativ til ein avtale om felles oppnåing av klimamåla med EU. Det betyr at Noreg sitt utsleppskutt også blir målt i innsatsen til å få ned utsleppa i Europa. Ikkje berre innanlands.