Ny film om Astrup: – Det er utruleg kor mykje han fekk gjort. Han var gartnar og han var elskar

– Nikolai Astrup har kome litt i skuggen av Edvard Munch, meiner filmregissør Pål Øie. Det håpar han filmen Astrup – Flammen over Jølster kan retta på.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Regissør Pål Øie held i desse dagar på med siste finpussen på filmen om Nikolai Astrup (1880–1928), som har kinopremiere 4. oktober.

Med filmen Astrup – Flammen over Jølster ønskjer han å gjera den folkekjære målaren frå Jølster meir kjend for både noverande og framtidige generasjonar. Filmen er laga saman med manusforfattar Karl Johan Paulsen.

LØFTAR FRAM ASTRUP: – Bileta til Nikolai Astrup går rett til hjarta, men han har kome litt i skuggen av Munch, meiner filmregissør Pål Øie. Han håpar den nye spelefilmen om Astrup kan løfta den folkekjære jølsterkunstnaren meir fram i lyset.
Foto: Handmade Films in Norwegian Woods

Regissør Pål Øie er i haust aktuell med Astrupfilmen “Flammen over Jølster» og spenningsthrilleren “Tunnelen».
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix / NPK

 

Dei to har tidlegare laga filmen Lysets vanvidd om kunstmålaren Lars Hertervig. Etter denne filmen blei dei kontakta av Jølster kommune som lurte på om dei kunne tenkja seg å laga noko liknande om Nikolai Astrup.

For Pål Øie, som sjølv har eit nært forhold til kunstnaren, var det ein idè han vanskeleg kunne takka nei til.

– Eg er sjølv halvt jølstring, og i barndommen hadde eg somrane mine i Vassenden i Jølster. Bestefar min var god venn med ein av sønene til Nikolai Astrup, og sjølv om Astrup døydde lenge før eg var fødd, har eg på mange måtar vakse opp med denne ikoniske personen, forklarer Øie.

BIOGRAFISK DRAMA: Spelefilmen “Astrup – flammen over jølster» følgjer kunstnaren Nikolai Astrup frå vogge til grav og byr på mange flotte bilete. Foto: Poul Iversen / Handmade Films in Norwegian Woods. Til høgre: Måleriet «Vårkveld ved Jølstravatnet», 1900

Biografisk drama

Etter fleire års arbeid ser dei no fram til å sleppa filmen ut i verda. Regissøren meiner publikum har mykje å sjå fram til.

Portrett av Nikolai Astrup frå ukjend årstal. I privat eige, publisert av Oliva Flølo på Wikimedia.

– Filmen er eit biografisk drama der vi viser livet til Nikolai Astrup frå vogge til grav, forklarer Øie.

Han fortel at det blir ein storslått film med kjende skodespelarar og mange flotte bilete, og er svært stolt og glad for å ha fått med seg den danske skodespelaren Thure Lindhart til å spela hovudrolla.

Filmen baserer seg ifylgje Øie på sanne historier og anekdotar om Astrup. Dei mange personlege breva og notata som kunstnaren lèt etter seg, har her vore til god hjelp for filmskaparane.

Ut frå det dei har lese i breva, har dei prøvd å følgja Astrup i skapingsprosessen og få tak i kva som inspirerte han, kva han kjende og følte på og kvifor kunsten hans blei slik han blei.

– Ingen heimstøing

Regissøren meiner dei har mykje spennande materiale å by på og trur filmen kan vera med på å gje eit nytt bilete av jølsterkunstnaren.

Han peikar mellom anna på at sjølv om nesten alle motiva til Astrup er henta frå Jølster, var kunstnaren på ingen måte ukjend med natur og kultur i andre land.

– Mange trur kanskje Nikolai Astrup var ein heimstøing, men det var han slett ikkje. Han var mykje ute og reiste. Saman med kona Engel var han mellom anna i Paris og Berlin. Dei var også på ein seks månaders tur til Italia og Algerie, fortel Øie.

Ein del av filmen er difor filma i utlandet.

«Revebjeller» av Nikolai Astrup, 1909

– Utruleg kor mykje han fekk gjort

Sjølv er regissøren imponert over den store kapasiteten til Astrup og kor mykje han fekk gjort gjennom eit kort liv.

– Med tanke på at han var mykje sjuk og berre blei 47 år gammal, er det utruleg kor mykje han fekk gjort. I tillegg til å mala, bygde han opp Astruptunet, han var gartnar og han var ein elskar, seier Øie og peikar på at Nikolai Astrup og kona Engel var eit herleg par. Saman hadde dei åtte barn.

NATURINNLEVING: Naturen var viktig for kunstnaren Nikolai Astrup, men filmregissør Pål Øie ønskjer å få fram at jølsterkunstnaren også hadde eit mykje større perspektiv.
Foto: Handmade Films in Norwegian Woods

Astrup var ikkje berre tidleg ute med å retta blikket utover landegrensene.

– Det som overraska meg var kor oppteken han var av moderne ting. Han hadde fotoapparat og var tidleg ute med å skaffa seg radio. Sjølv om naturen var viktig for han, var han også oppteken av utviklinga og av nye ting. Han var rett og slett ein person som hadde perspektiv og som hadde eit stort spenn i det han interesserte seg for.

Spelefilmen om Astrup har verdspremiere i Jølster 27. september. Ei veke seinare er det klart for kinopremiere elles i landet.