Katastrofefilmen Tunnelen selt til utlandet  

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 28.10.2019 15:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er ein film på liv og død. I norsk samanheng har vi heldigvis ikkje opplevd så mange slike scenario, men det har vore mange tunnelbrannar og rett og slett flaks at det ikkje har gått med liv, seier regissør Pål Øie til NPK.

I desse dagar arbeider Øie med å ferdigstilla spenningsthrilleren Tunnelen som har premiere første juledag.

Den internasjonale interessa har vore stor og filmen er allereie no selt til Frankrike, Kina, Tyskland, Japan og Korea.

Filmen har eit totalbudsjett på 34 millionar kroner og er spelt inn i Høyangertunnelen i Sogn og Fjordane.

Øie er kanskje mest kjent for skrekkfilmen Villmark, som òg var spelt inn i same fylke.

Tunnelbrann stoppa innspelinga

I Tunnelen vert karakterane innesperra i ein ni kilometer lang tunnel når ein tankbil køyrer i fjellveggen og eksploderer.

Thorbjørn Harr speler hovudrolla som Stein, ein tidlegare redningsmann opplever at dottera er fanga i infernoet.

I august fortalde regissør Pål Øie til Dagbladet om korleis storbrannen i Gudvangatunnelen natt til laurdag 30. mars sette ein stoppar for den då pågåande innspelinga.

Filmcrewet hadde fått stengt av Høyangertunnelen, men måtte flytte innspelinga fordi trafikken måtte omdirigerast frå Gudvangatunnelen.

50 tunnelar heim

Øie har sjølv kjent på den manglande tryggleiken når han må køyra gjennom mellom 50 og 60 små og store tunnelar frå heimbyen Bergen til heimstaden Stranda på Sunnmøre. Under desse køyreturane har ofte kjent på farane tunnelane representerer.

– Når eg køyrer gjennom desse tunnelane med familien min, tenkjer eg ofte på kva som kan skje dersom ulykka først er ute, seier han til NPK.

Bakgrunnsfoto frå Blindern av Alexander K. Lykke, André Nilsson Dannevig og Julian Kirkeby Lysvik. Pressefoto frå Beforeigners nytta i collage av høvesvis: Eirik Evjen/HBO Nordic og Lukas Salna/HBO Nordic