Diplomat: – Dette er eit svar eg håpar Solberg angrar på

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Måndag heldt både statsminister Erna Solberg og klimaaktivist Greta Thunberg tale under FN sitt klimatoppmøte i New York. 

Tysdag vart Solberg intervjua av journalist Fredrik Græsvik i TV 2, om Thunberg og slagkrafta ho har hatt opp mot klimamøtet.

– Kva synest du om at Greta Thunberg har blitt den store rockestjerna her i New York denne veka? spør TV2-reporter Græsvik.

– Eg synest det er flott at vi har ei tydeleg talskvinne for ungdom sitt engasjement for klima. Så meiner eg framleis at du kan markera det, utan å droppe ut av skulen. Det er fullt mogleg å ha engasjement på fritida si, og ikkje berre i skuletida si, svarar statsministeren smilande.

– Framstår ute av kontakt med si tid

Dette har ikkje gått upåakta hen og i sosiale medium kokar det.

Anders Heger, forfattar, skribent og forleggar i Cappelen Damm, er heller ikkje imponert. 

 

– Dette er eit svar eg håpar Solberg angrar på. Men det reflekterer noko om ubehaget hennar over kva Greta Thunberg sitt engasjement har leda til. No var statsministeren liten, skriv diplomat, amassadør og politikar Kai Eide på Twitter. Han har jobba i både FN og Nato, og for Høgre og Arbeidarpartiet.

 

Målmann Vebjørn Sture, har også slengt seg på, med harde ord.

– Velkomen til «året 2019», betre kjent som den vedvarande verdsmeisterskapen i å seia heilt spektakulært dumme ting. Den som nettopp har gått opp i leiinga er … eh … Noregs statsminister.

Statssekretær Rune Alstadsæter. Foto: Presse

– Bør ikkje tolkast i verste meining

Statssekretær Rune Alstadsæter (H) ved Statsministerens kontor, svarar på kritikken på e-post til Framtida.no:

– Erna Solberg har fleire gonger rost både Greta Thunberg og barn og unge som viser klimaengasjement. Slik ros og honnør vart seinast framført under FN-toppmøtet denne veka. At statsministeren oppfordrar barn og unge i Noreg til å vera på skulen bør ikkje overraske nokon, og bør ikkje tolkast i verste meining. Noreg og statsministeren tek klimautfordringane på alvor og har difor inngått eit nært samarbeid med EU for å kutte utslepp både i Noreg og i Europa.

Han ynskjer å presisera at sitatet «…du kan markere uten å droppe skolen…» handlar om elevane i Noreg, ikkje Thunberg.

– Solberg har ikkje forstått alvoret

Karin Andersen i SV er også blant dei som har delt videoen. 

– Svaret i videoen viser at Solberg ikkje har forstått alvoret, skriv ho på SMS til Framtida.no

Karin Andersen, Sosialistisk Venstreparti, Hedmark. Foto: Stortinget

Andersen meiner Greta Thunberg har forstått alvoret, og det er på grunn av at leiarar som Solberg ikkje gjer det, at Thunberg gjer dette.

– Å rette peikefinger mot Thunberg og kva ho gjer, viser berre kor Solberg har sitt fokus. Ikkje på klimakutt. Ho ikkje har format til å ta leiinga i denne, viktigaste saka. Det er Solberg som treng ei leksjon ekstra, ikkje Thunberg. 

Kritikk mot for dårleg klimaarbeid

Andersen i SV er ikkje den einaste som meiner Solberg ikkje tek klimakrisa nok på alvor.

Olav Torvund er jussprofessor ved Universitetet i Oslo, og skriv:

– Dette er lavmål frå ein statsleiar! Som det vert sagt i ein kommentar her, er det ikkje rart det går til h*** om dei kun jobbar med klima på fritida, skriv Alf E. Pettersen.

– Dette forklarer jo alt, Erna Solberg er engasjert i klimasaka på fritida, berre ikkje når ho er på jobb som statsminister, skriv Sigurd Greve.

– At Erna Solberg ber Greta Thunberg om å kjempe for klimaet “på fritiden” og heller fokusere på å passe sin skule, er ei ganske god skildring av kvifor vi har ei klimakrise, skriv twitterbrukar @handansken. 

Humor og poesi

Og ikkje alle tek til harde ord, men brukar andre verkemiddel for å formidla synspunkta sine.

Samanlikningar med fredprisvinnar Malala Yousafzai, som var 17 år då ho vart den yngste mottakaren av ein nobelpris nokonsinne.

Spørsmål om det same skulle ha gjaldt då Martin Ødegaard byrja reise rundt i europeiske fotballklubbar som 16-åring, dukka også opp.

Medan andre tok fram dikt-pennen.