Fleire reiser kollektivt, men bilen er framleis i førarsetet

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 27.09.2019 09:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Meir enn 5,8 milliardar passasjerar vart frakta innanlands i 2018. Persontransporten innanfor landegrensene auka med 43 millionar passasjerar frå 2017 til i fjor, viser SSBs statistikk Innenlandsk transport. Det var ein auke på 0,7 prosent. Sidan 2010 har persontransporten i Noreg auka med 15,5 prosent, eller noko over 780 millionar passasjerar.

Transport på skjener med størst vekst

Det er den skjenegåande transporten som har hatt den største passasjerveksten dei siste åra, som følgje av markert auke både i persontransporten med tog og kollektivtransporten med trikk og T-bane.

Frå 2010 til 2018 auka passasjertalet på jernbanar, forstadsbanar og sporvegar med 45 prosent.

Bil står for 3/4 av auken

Likevel er det personbilane som har stått for mykje av auken dei siste åra. Frå 2010 til 2018 auka talet på bilreisande med noko over 590 millionar personar. Det inkluderer både førarar og passasjerar.

Auka bruk av personbil stod altså for rundt tre firedelar av den samla auken i persontransporten i denne perioden.

I alt utgjorde talet på personar som reiste med bil, over åtte av ti innanlandske passasjerar i fjor.