Denne veka har det vore skikkeleg nerd-alarm på Twitter, etter at Universitetet i Bergen har oppmoda andre til å dela den kulaste dingsen dei har.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Torsdag morgon dukka denne posten brått opp på Twitter:
Hei, utdannings-, museums- og forsknings-Twitter! Hva er den kuleste dingsen dere har? Vi har verdens eneste Van de Graaff-generator i friluft! Bygget i 1950, men fremdeles operativ! #KulDingshttps://t.co/Zlyrmz7kc5 pic.twitter.com/H6F0QjwyEo
— Universitetet i Bergen (@UiB) September 12, 2019
Sidan då har ulike institusjonar gått kvarandre ein høg gang for å visa fram sine kulaste dingsar.
Elekstrisitet og gamma-glimt
Universitetet i Bergen starta ballet med Van der Graff-maskina, som kan laga statisk elektrisitet.
Då maskina var ferdig i 1950 fekk alle studentane vera med inn når dei testa maskina. I dag veit ein kor mykje stråling som kjem ut, og ingen kan vera inne når den er på og slår gnistar om seg. Dei tilsette brukar også parafinvoks, på veggen (tidlegare brukt som skismøring) for å beskytta seg mot radioaktiv stråling.
Dei måtte også slenga på eit ekstra imponerings-grep, sjølv om den ikkje står i Bergen.
Vi har det eneste måleapparatet som finnes for å registrere jordiske gammaglimt. Hm, men… hvor la vi det igjen? Det stemmer, den går i bane rundt jorden!#KulDings #asim @BirkelandBCSS pic.twitter.com/jx61fO0l1U
— Universitetet i Bergen (@UiB) September 13, 2019
Første kilogramlodd
Fysikk ved Universitetet i Oslo, møtte utfordringa med å dra fram eit kilolodd.
Frå 1799 til 2019 var kilogram definert som massen til eit bestemt lodd oppbevart i Frankrike, med ein masse tilsvarande massen til éin kubikkdesimeter (éin liter) vatn ved 4 °C. 20. mai 2019 vart definisjonen endra til å vera basert på Plancks konstant.
Vi har Norges første kilogramlodd. ⚖️?
Sannsynligvis laget av instrumentmakeren Jean Nicolas Fortin i Paris mellom 1818 og 1820.#KulDings pic.twitter.com/5ktLKzrU5B— Fysikk UniOslo (@Fysikk_UniOslo) September 12, 2019
Men dei stoppa ikkje der, og kjapt var også nordlysprofessor Kristian Birkeland sitt reise-magnetometer ute. Denne hadde Birkeland med seg på nordlysekspedisjon.
NTNU tar av
Sjølv om Fysisk institutt vart gira, var dette tydeleg ei utfordring rett opp i gata til NTNU, som til no har lagt ut ti kule dingsar.
Denne gigantiske raude saken, var ein gong den kraftigaste datamaskinen i Noreg.
Med sofa.
– Den imponerer ikkje lenger med ytelse, men er framleis den vakraste datamaskina vi har på NTNU (og mest komfortable), med innebygga skai-sofa, skriv dei NTNU-tilsette som styrer Twitter-kontoen.
Dei kan også imponera med ein ekte Enigma-maskin. Enigma betyr gåte, og krypteringsmaskinen vart brukt mykje av tyske militærstyrkar til både kryptering og dekryptering av informasjon under andre verdskrig.
Vi har en skikkelig, vaskekte #Enigma-maskin. ? Beslaglagt i #Trondheim etter krigen. (Vi mangler fortsatt den tilhørende #BenedictCumberbatch da.) #KulDings pic.twitter.com/kV9fWG9SnP
— NTNU (@NTNU) September 12, 2019
Benedict Cumberbatch spelte rolla som Alan Turing i filmen The imitation game. Turing konstruerte ein eigen maskin og greide å knekka fleire av kodane frå tyskarane. Det er truleg at arbeidet hans forkorta krigen i Europa med to til fire år.
Humor
Som seg hør og bør i ein nerdretråd på Twitter, er det også rom for mykje tørr humor om ein vil.
Som Magnus Lagabøte sa: Det blir itj fart uten skatt.
— Bjerknessenteret (@BjerknesBCCR) September 12, 2019
Også Nasjonalbiblioteket har slengt seg med, kanskje til ekstra misunning for bergensarane som starta tråden?
Hvor ofte har du ikke tenkt at du trenger en globus som også beskytter mot vær og vind? ☂️? Da er paraplyglobusen vår svaret! pic.twitter.com/WZiI4EENEe
— Nasjonalbiblioteket (@Nasjonalbibl) September 12, 2019
Den portable globusen vart laga av britiske John Betts på midten av 1800-tallet. Nasjonalbiblioteket sin versjon er frå ca. 1860 og er forma som ein paraply.
Min er større enn din
Og det stoppar ikkje der. No er Bjerknessenteret og NTNU hamna i ein eigen konkurranse i konkurransen om å ha den kulaste dingsen.
Først den lengste:
Vår dings er lengre enn deres (25 meter). ? Men det er jo ikke størrelsen som teller, som kjent. Men vår dings *virker*! ??? #KulDings #Realfagsbygget pic.twitter.com/OAkLz87CcW
— NTNU (@NTNU) September 12, 2019
Vår også! #KulDings pic.twitter.com/ORRoZCesRQ
— Bjerknessenteret (@BjerknesBCCR) September 12, 2019
Så den eldste:
Det er ganske gamalt! Men det som er oppi denne behaldaren som Bjørg Risebrobakken frå @NORCEresearch held er eldre. Eit fossilt poredyr som er 31 000 år gamalt! Det budde i Framstredet, og kan bli forska på for å finne ut meir om klimaet på den tida. #KulDings #Paleoclimate pic.twitter.com/cjiZKlIece
— Bjerknessenteret (@BjerknesBCCR) September 12, 2019
Fortsatt ikke riktig like gammelt, men vi fant denne: Norges eldste ski! 5200 år gammel. #KulDings fra Vefsn i Nordland. @Vitenskapmuseet pic.twitter.com/pG8llpKSYh
— NTNU (@NTNU) September 12, 2019
- Og du? Sjølv om me har plottblotta masse, er det stadig meir å finna på #Kuldings. Sjekk det ut!
Starta imponerings-krig
Det heile er inspirert av #MuseumWars som herja sosiale medium hausten 2017.
Eit uskuldig spørsmål enda med tidenes kamp mellom Science museum og Naturhistorisk museum i London, før fleire melde seg på.
We have dinosaurs. No contest.
— Natural History Museum (@NHM_London) September 13, 2017
Les også: Biologistudenten Harrison (23) fann 65 millionar år gammal dinosaurskalle’