Stavanger kan få den første Ap-ordføraren sin sidan 1993

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kari Nessa Nordtun seier til NRK at samtalane med samarbeidspartnarane SV, Raudt, Miljøpartiet Dei Grøne, Senterpartiet og Folkeaksjonen Nei til mer bompenger ser lovande ut.

– Sjansane for at vi kjem fram til ein samarbeidsavtale er større no enn då måndagen starta, seier Nessa Nordtun natt til tysdag.

– Eg trur sannsynet er 70 prosent

Tysdag morgon var ordførarkandidaten enno tydelegare i talen:

– Eg trur sannsynet er 70 prosent. I alle fall godt over 50 prosent, seier Kari Nessa Nordtun til Stavanger Aftenblad.

I Stavanger har Arbeidarpartiet gått ned eitt prosentpoeng sidan valet i 2015, men alle samarbeidspartnarar har vakse sidan det førre lokalvalet. Det er nok til å gjere Stavanger raud for første gong sidan 1993.

Ap-politikaren vil ikkje seia kva venstresida vil tilby Folkeaksjonen Nei til mer bompenger (FNB) for å sikra fleirtalet. Bompengepartiet hamna på vippen i Stavanger og får truleg seks mandat i kommunestyret.

Forfattar Tore Renberg slo nyleg eit slag for nynorsken,. No går han inn i politikken for Arbeidarpartiet i Stavanger. Foto: Tommy Ellingsen/Forlaget Oktober

Forfattar Tore Renberg slo nyleg eit slag for nynorsken,. No går han inn i politikken for Arbeidarpartiet i Stavanger. Foto: Tommy Ellingsen/Forlaget Oktober