Jonas Andresen Sayed kapra førsteplass på KrF Rogaland si liste
27-åringen slo KrFU-leiaren i kampvotering.
Jonas Andresen Sayed (27) toppar Rogaland KrFs stortingsliste etter at han hårfint vann kampvotering mot Hadle Rasmus Bjuland.
Sayed fekk 61 av 120 stemmer, medan Bjuland fekk 59 på nominasjonsmøtet tysdag, skriv Stavanger Aftenblad.
– Dette viser at begge stod veldig sterkt. Eg kjenner veldig på at det skulle bli så jamt, men sånn fungerer partidemokratiet, seier Andersen Sayed til avisa.
Andersen Sayed har vore rekna som ei stigande stjerne i partiet etter å ha blitt ordførar i Sokndal allereie som 19-åring. Han overtek no førsteplassen på fylkeslista som Olaug Bollestad har hatt. KrF har éin stortingsrepresentant valt inn frå Rogaland, og fylket er gjerne rekna som éin av få sikre stortingsplassar for KrF.
Bjuland fekk andreplassen på lista og vil halde fram med å kjempe om ein stortingsplass.
– Målet til Rogaland KrF er to på tinget, og det er det vi vil jobbe for. I dag har vi eitt sikkert mandat. Historisk sett har vi ofte hatt inne to mandat, og eg skal gjere mitt for å jobbe for det, seier Bjuland.
Andersen Sayed stadfestar at han framleis er aktuell kandidat som ny nestleiar i partiet. Også Bjuland har tidlegare vorte nemnd som ein mogleg nestleiar, men etter å ha tapt nominasjonskampen, vil han ikkje svare på om han framleis er aktuell.
Fylkeslaga har tida fram til 20. november for å gi høyringssvar om kven dei ønskjer skal sitje i partileiinga og sentralstyret.
Valkomiteen skal leggje fram innstilling på partileiing innan 10. januar, og denne skal veljast på landsmøtet 25. januar.