Kjære listekandidat!


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Eg veit ikkje kva du heiter eller kor du bur. Eg veit ikkje korleis du ser ut eller korleis du luktar, om du køyrer diesel eller syklar.

Eg veit ikkje korleis strandsona ser ut i bygda di eller om eigedomsskatten skal ned. Eg veit ikkje om du seier ja til vindmøller eller vil ha dødsstraff for makrell i tomat i kantina på jobben.

Eg veit ikkje om du er raud eller blå, eller om du trur på ei høgare makt. Eg veit ikkje om du plystrar når du pissar eller om du dansar i takt.

Strengt tatt veit eg ingenting om deg.

Kanskje er du ein skikkeleg kødd, ein usmakeleg figur. Ein som eg aldri ville ha invitert på besøk eller stoppa for å preika med om me hadde møttest tilfeldig på gata. Kanskje har du alle dei eigenskapane eg mislikar hos andre.

Men veit du kva? Det gjer ingenting.

For dette veit eg: Du kjem til å få så mykje kjeft, så mange sider sakspapir som skal lesast. Folk vil rynka på nasa og sjå stygt på deg på butikken eller når du skal henta i barnehagen. Det blir seine kveldar og vonde konfliktar – og du gjer det praktisk talt gratis.

Forhåpentlegvis får du òg nokre oppmuntrande ord, eit nikk og eit smil, og eit klapp på skuldra når du møter naboen. Det er lov å håpa, men du kan ikkje vita det.

Men her har du i det minste ei takk og eit nikk frå meg, og eg smiler litt òg. For utan deg hadde me ikkje hatt noko val. Utan deg hadde heile systemet kollapsa. Utan deg måtte eg kanskje ha stått på den lista sjølv.

Og akkurat i dag og i morgon er det det einaste som betyr noko.

Tusen takk!

Les siste nytt frå lokalvalet 2019 her!