76.700 frå 5. - 10.-klasse har stemt i Barnas val 2019. I dag smiler nok partileiar Jonas Gahr Støre ekstra breitt.

Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 13.01.2020 19:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Måndag 9.september er det valdag for lokalvalet 2019. Onsdag kom resultatat frå skulevalet, og fredag kom resultata frå barna gjennom Barnas val.

Barnas val er laga  av Redd barna for at barn skal lære om demokrati og politikk, og få øve seg på å stemme på et politisk parti. Dei håpar at fleire unge vil bruke stemmeretten sin når dei blir gamle nok.

Politikarar kan heller ikkje ignorere kva barn og unge er opptekne av, og difor er stemmene og resultatet frå Barnas val viktig.

Les også: Skulevalet: Rekord for Grønn ungdom og Venstre

18,9 prosent til Ap

76.700 barn og unge har stemt fram Arbeiderpartiet som landsvinnar i Barnas Val. Dei fekk 14.465 av i alt 76.700 stemmer.

Det varierer frå kommune til kommune kva parti som har fått flest stemmer. Oversikta kan du finne på barnasvalg.no

Då programleiar Stian Barsnes Simonsen i Barnas Val 2019 kåra vinnaren fekk han snakke med ein tydeleg rørt partileiar

– Det er ei fantastisk nyheit, sa Jonas Gahr Støre til Barnas Val 2019.

Les også: Meining: – Forsøket på manipulasjon av skulevalet viser at me treng stemmerett for 16-åringar

Gratis skulemåltid

Kanskje var det lovnaden om eit gratis skulemåltid som fekk Arbeidarpartiet så høgt opp på lista?

– Eg trur dei fleste har fått med seg at vi mellom anna går inn for å tilby alle elevar eit skulemåltid kvar dag, slik at ingen blir hengande etter fordi dei ikkje får med seg matpakke på skulen, seier Ap-leiar Jonas Gahr Støre.

Resultata frå Barnas val 2019:

  • Arbeiderpartiet:18,9 % (14.465 røyster)
  • MDG: 14,5 % av (11.089 røyster)
  • Ventstre: 12,4 %  (9 483 røyster)
  • Høgre: 12,2% (9322 røyster)
  • Raudt: 12,1 % (9260 røyster)
  • SV: 8,9 % (6833 røyster)
  • Sp: 8,3 % (6399 røyster)
  • FrP: 6,4 % (4908 røyster)
  • KrF: 3,7 % (2854 røyster)
  • Blankt: 2,5 % (1954 )
  • Andre parti: 0,2 % (137 røyster)

Usikker på kva du skal stemme på måndag? Ta valomaten: 

Barnas valomat hjelper deg å finna partiet som er mest einig med deg.