Skulevalet: Rekord for Miljøpartiet Dei Grøne og Venstre

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Grøn rekordbølgje i skulevalet

– Me er kjempenøgde. Det var høge jubelrop på valvaken vår, seier nasjonal talsperson for Grøn Ungdom, Teodor Bruu til Framtida.no.

– Fleire og fleire skjønar at me berre har 11 år igjen på å halvera utsleppa våre. Når Oslo har klart å kutta 16 prosent av utsleppa på to år, så skjønar folk at politikken vår verkar.

Onsdag fekk Miljøpartiet Dei Grøne for første gong ei måling på 20,3 prosent i Oslo, og passerer Arbeidarpartiet.

– Begge me som er nasjonale talspersonar er veldig stolte over alle ungdommane over heile landet som har gjort ein god jobb med å formidla at me har den beste klimapolitikken. No gjeld det å stå på til sjølve valdagen.

Unge Venstre-leiar Sondre Hansmark. Foto: Beate Haugtrø

– Framtida er lys!

Sondre Hansmark, leiar i Unge Venstre, er òg strålande nøgd med tidenes skuleval for Venstre.

– Dette viser at framtida er lys, grøn og liberal- Elevane har gitt tydeleg beskjed om at dei ønsker ein grønare klimapolitikk, ein human asylpolitikk og ein liberal ruspolitikk, skriv han i ein sms til Framtida.no.

Arbeidpartiet framleis størst

Trass i framleis tilbakegang held Arbeidarpartiet stand som det klart største partiet i skulevalet med 26,6 prosent av stemmene.

Høgre opplever òg framleis tilbakegang, og landar på 12,9 prosent. Med høvesvis 10,8 og 10,2 prosent nærmar MDG og Venstre seg Høgre i kampen om å vera det nest største partiet blant ungdommen.

Frp landar på 8,2 prosent og får under 10 prosent oppslutning, for første gong sidan skulevala starta for 30 år sidan. KrF må notera det svakaste resultatet sitt nokon gong med 2,3 prosent.

SV og SP har fremgang sidan førre val, og landar på høvesvis 9,9 og 8 prosent. Raudt opplever noko svakare framgang og landar på 4,9 prosent.