Rekordmange førehandsstemmer før lokalvalet

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Totalt førehandsstemte 585.000 før lokalvalet i 2015. Det ligg dermed an til at dette talet vil bli passert før fristen for førehandstemming går ut, melder NRK.

Fleksibilitet viktig

Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H) er positiv til valfridommen førehandsstemming gir veljarane.

– Enkelte synest det er greitt å få det unna, medan andre synest det er høgtideleg å gjere det på sjølve valdagen. Det å ha fleksibilitet er viktig viss vi skal halde oppe stor valdeltaking og viss vi skal greie å auke han ved lokalvala, seier Mæland.

Det er mogleg å førehandsstemme til kommune- og fylkestingsvalet til og med fredag 6. september.

Usikker på kva du skal stemma? Ta valomaten:

Barnas valgomat hjelper deg å finna partiet som er mest einig med deg.