Ung politikar: Pauline (19) frå Tysvær Venstre

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 04.09.2019 09:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har engasjert meg i lokalpolitikken fordi eg meiner at det burde vera så mykje makt som mogleg til kommunane og innbyggerane, og om det då er ting ein ikkje er nøgd med eller ting ein vil oppnå, burde ein engasjera seg, fortel Pauline Vik Vestly på e-post til Framtida.no.

19-åringen er ordførarkandidat for Venstre i heimkommunen Tysvær. Haugalandskommunen er eit sentralt knutepunkt mellom dei to store vestlandsbyane Bergen og Stavanger.

Vestly fortel at Tysvær kan skryte av fin natur, som Himakåna, og kjekke, forhåpentlegvis engasjerte innbyggjarar. Ordførarkandidaten har i alle fall tenkt å gjere sitt for at ungdomen skal engasjere seg i si eiga framtid:

– Det er trass alt unge som skal overta når dei eldre takkar for seg og då må ein engasjere seg for at si eiga framtid blir redda og at me kan gjere det me kan for klimaet og samfunnet som ikkje har blitt like prioritert av enkelte politikarar.

Klimautfordringa Kårstø

I heimkommunen er det liten tvil om kva den største klimautfordringa er, ifølgje Vestly.

– Kårstø er den største utfordringa i vår kommune, men det er ikkje så mykje å gjere med den sidan den er ikkje styrt av kommunen. Den er òg viktig for mange arbeidsplassar, forklarar Venstre-politikaren.

Kårstø prosessanlegg er det største i Europa av sitt slag. Sidan 1985 har anlegget handsama gass og lettolje frå norsk sokkel, og transportert den vidare til kontinentet.

Kårstø prosessanlegg fører til dei høgaste klimagassutsleppa i Tysvær kommune, men er ikkje styrt av kommunen. Foto: Jarle Vines/Wikimedia Commons/CC BY-SA 3.0

Det er likevel ikkje alle tiltak som står utanfor politikarane si makt:

– Elles er det ei utfordring at det ikkje går nok bussar ut i distrikta i kommunen, slik at folk må ty til personbil i staden for kollektivtransport, fortel Vestly.

– Må gjere det ein kan for å nå klimamåla

Kollektivtransport er ein nøkkel også for nasjonale målsetjingar, meiner Vestly:

– For at Noreg skal nå klimamålsetjingane må ein på lokalt hald styrke kollektivtransporttilbodet for at ein skal kunne velje det miljøvennlege alternativet, utan at det blir ulagleg.

Samstundes legg ho til at betre kollektivtransport også vil bidra til sunnare og reinare mat, då bildekk er ein av dei store syndarane som fører til mikroplast i havet.

– Ein må óg ha ein kommune som er innstilt på å gjere det ein kan for å nå klimamåla. Det kan vere å ha kjeldesortering i kommunale bygg, nullutsleppsbilar som er eigd av kommunen og ein eventuell kjøtfri dag i veka, seier ordførarkandidaten som slår fast at ho vil jobbe med alt dette dersom ho vert valt inn i kommunestyret.

Pauline Vik Vestly

Alder: 19 år

Yrke: Student

Parti: Venstre

Kommune: Tysvær