Ny app skal hjelpe med grønsakdyrking

Appen Dyrk med Bybonden skal lære folk å dyrke grønsaker og motivere til meir eigenproduksjon.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dyrk med Bybonden-appen er for dei som aldri har prøvd å dyrke før. Dette er heilt ned på dyrking for dummies. Målet er at ein ikkje skal kunne trå feil, seier Ida Kleppe til Nationen.

Kleppe er tilsett som bybonde i Bergen av Bondelaget i Hordaland, og skal inspirere og innbyggarar og institusjonar til å dyrke meir mat sjølve. Med appen har ho mål om å få fleire til å produsere sin eigen mat.

Les også: Salet av vegetarprodukt skyt i vêret: – Interessa aukar særleg blant dei yngre

Lågterskel dyrking

Appen vart publisert i sommar og er enno på eit prøvestadium. Han guidar den som vil dyrke frå punkt til punkt og gir beskjed om alt frå kva du må kjøpe inn, som jord og frø, når det må kjøpast inn og når du skal så. Appen forklarer òg via bilde og tekst kor mykje jord du skal bruke, kor langt ned i jorda frøet skal ligge og han sender pushvarsel om at du må hugse å vatne.

Så langt vil det vere mogleg å dyrke tre til fire grønsaker gjennom appen. Bybonden trur appen vil inspirere fleire til å dyrke.

– Vi må ha mat. Og maten kjem frå jorda. Å ha ein låg terskel for det trur eg kan vere positivt, seier ho til Nationen.

– Eg synest det er gøy å plante, og sjå plantene vekse, seier Sebastian Kärtstedt (10). Saman med Aliza Butt (10) og Amelia Asar Chadnry (11). Alle foto: Christian Gjerde