Rapport viser vekst i grøn maritim næring

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den grøne omsetninga i maritim næring var i 2018 på om lag 28 milliardar kroner, anslår Menon Economics i rapporten. I tillegg gjorde norsk maritim næring grøne investeringar for meir enn 5 milliardar kroner.

LES OGSÅ: Ho vil gjere USA hundre prosent fornybart innan ti år

Altfor sakte

– Det er gledeleg å sjå at den grøne omsetninga er i vekst. Men analysen viser òg at omstillinga går altfor sakte til at me klarer å nå målet om 50 prosent utsleppsreduksjon innan 2050, seier Hege Økland, dagleg leiar i den maritime industriklynga NCE Maritime CleanTech, til Skipsrevyen.

Dei nye skipa til Havila Kystruten AS blir trekte fram som eksempel på grøne investeringar. Batteria til skipa skal produserast av Corvus i Bergen. Foto: Havila / NTB scanpix / NPK

Økland meiner tempoet må opp, og at norske styresmakter må vera ein pådrivar for strengare miljøreguleringar og miljø- og klimavekting i offentlege innkjøp.

LES OGSÅ: Ola Elvestuen (V): Me skal slutta heilt med fossile drivstoff. Frå motorsaga til cruiseskipet. Alt må vekk!

Konkurransefortrinn

Det er første gong ei slik kartlegging er gjort i Noreg. Analysen er gjennomført av Menon Economics på oppdrag for Eksportkreditt Noreg, Enova, NCE Maritime CleanTech og Norges Rederiforbund.

Rapporten peikar på at tidleg omstilling til ein grønare internasjonal skipsfart vil vera eit konkurransefortrinn for norsk maritim næring.

– Auka omsetning og investeringar innan grøn maritim vil vera bra for miljø og klima – og for norsk økonomi, heiter det i rapporten, som viser til at rekordomsetninga la grunnlag for om lag 8.000 arbeidsplassar i maritim næring fjor.

Les også meiningsinnlegget til Neda (18): – Noreg som nullutsleppssamfunn: – Vi må satse på ny teknologi