Valomatar kan avgjere valet for mange

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Valforskaren seier til Dagsavisen at han meiner at valomatane har noko for seg.

Bernt Aardal er professor hjå Institutt for statsvitenskap ved Universitetet i Oslo, med særleg fokus på valforsking. Foto: UiO.

– Eg har ikkje systematisk gått gjennom dei, men forskingsresultat viser at dei faktisk kan spele ei rolle, seier Bernt Aardal, og viser til forsking som viser at mange brukar valomatane, og at det då påverkar korleis dei stemmer i etterkant.

Ved førre val, i 2017 var valomatane så populære at ordet «valomat» vart årets toppsøk på Google, altså det søket som auka mest.

I år har blant andre NRK, VG, TV 2 og Dagbladet eigne valomatar, der NRK og VG har moglegheit for å finne kvar enkelt kommune.

I år blir òg lansert ein eigen valomat for klassetrinna femte til tiande. Omkring 100 aviser rundt om i landet legg ut valomaten, som blir lansert måndag 26. august, og han kjem òg på nettsida www.barnasvalg.no.

Greitt med sunn skepsis

Aardal trur det mest sårbare i valomatane er utvalet av spørsmål og vektinga av dei.

– Til dømes balansen mellom spørsmål om miljø, sysselsetjing og innvandring, seier Aardal.

Han minner om at det er greitt å ha litt sunn skepsis når ein tar ein valomat

– Det kan godt vere at du får spørsmål som ikkje er viktige for deg personleg, seier Aardal.

Kor stor tyding har valomaten for korleis du vil stemme?

Kor stor tyding har valomaten for korleis du vil stemme?

Stor tyding! Eg stemmer etter valomat-resultatet.3
Litt tyding. Valomat-resultatet er ein peikepinn. 14
Inga tyding. Eg bestemmer heilt sjølv. 10
Veit ikkje heilt. 1
Valomat? Slike tek eg ikkje. 1
Svar totalt: 29