Ekspertar slaktar valkampmateriellet: – Stort sett billeg søppel

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg kan aldri tenke meg at nokon veljarar blir overtydde av desse produkta, seier reklameekspert Trond Blindheim ved Høyskolen Kristiania til NTB.

Dei neste vekene blir norske torg og møteplassar fylte opp med lokalpolitikarar på veljarjakt. Tradisjonen tru deler dei ut store og små produkt – og er ein heldig kan ein få noko skikkeleg fint. Eller?

– Nokre av partia bruker ein god del pengar på det som stort sett er billeg søppel. Spørsmålet er om dette er velbrukte pengar. Desse gimmickane er berre for å få merksemd og fungerer som små påminningar, seier professor Peggy Brønn ved institutt for kommunikasjon og kultur ved Handelshøyskolen BI.

Til liks med Blindheim er ho lite imponert.

Kva synest du om valkampmateriell?

Kva synest du om valkampmateriell?

Eg takkar nei. Det er lite miljøvenleg 🙁29
Elskar det! Eg er stolt over kva eg stemmer og brukar valkampmateriell for å spreie ordet!22
Har dei kule kondomar, kan eg bli overtydd til å stemma på partiet.6
Ja! Elskar alt som er gøy og gratis, men det påverkar ikkje kva eg stemmer.21
Æsj! Det er billeg søppel!13
Bryr meg ikkje.13
Svar totalt: 104

 

Her er eit utval av kva partia har kjøpt inn:

Venstre:

Muffinsformer med Venstre-logo

Frøposar som gir humle- og bievennlege vekstar: «Biene ville stemt Venstre».

«Grønsaksnett»

Regnjakker

Kulepennar, handlenett, buttons

Venstre byr blant anna på handlenett, grønsaksnett, frø som er humle- og bievennlege, muffinsformer, T-skjorter og regnjakker. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix / NPK

Senterpartiet:

Kondom frå Senterungdommen

Solbriller

Vedum-handlenett

Såpebobler

Powerbank, kortstokk, buttons, regnjakker.

Oslo Senterparti har blant anna brosjyrar, handlenett, såpebobler, solbriller, kondom, kortstokk, powerbank og regnjakker. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix / NPK

Høgre:

Piké-skjorte 

Såpebobler

Solkrem: «Unngå å bli RØD i sommer – Stem Høyre».

Drops, handlenett, regnjakke

Høgre har fått laga såpebobler, handlenett, piké-skjorter, regnjakker, drops og solkrem. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix / NPK

Sosialistisk Venstreparti:

«I’m with Audun»-handlenett

«I’m with Audun»-T-skjorte

Drops, kulepennar, brosjyrar.

SV-leiar Audun Lysbakken pregar fleire av produkta til partiet i valkampen. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix / NPK

Raudt:

Pappkoppar

«Fordi fellesskap fungerer»-handlenett.

Klistremerke, t-skjorter, buttons og pins

T-skjorter med partinamnet på både nynorsk, bokmål og samisk

Raudt stiller med pappkoppar, brosjyrar, buttons og T-skjorter med partinamnet på nynorsk, samisk og bokmål. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix / NPK

Miljøpartiet Dei Grøne:

«Null utslipp»-kondom

Drikkeflasker

«Grønn»-t-skjorter

Frøposar med bie-vennlege vekstar

Handlenett

Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) garanterer null utslepp på sine kondom. Elles deler partiet blant anna ut bievennlege frø, handlenett og vassflasker. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix / NPK

Arbeidarpartiet:

Drikkeflasker: «Pust. Stup. Nyt. Med Raymond ved roret blir Oslo-lufta reinare og byen grønnere.»

T-skjorter, regnjakke

Drops, caps

«Pust. Stup. Nyt.» Kva med ei flaske Ap-vatn? Foto: Lise Åserud / NTB scanpix / NPK

Framstegspartiet:

Drikkeflaske

Nøkkelringar og pennar

T-skjorter

Papptallerkenar og pappkoppar

Frp byr på drikkeflasker, kulepennar og pins. I tillegg er partiet klare til å dele ut både kaffi og noko etande i eingongskoppar og -tallerkenar. Foto: Trond Reidar Teigen / NTB scanpix / NPK

Kristeleg Folkeparti: 

Hjarteballongar

Lik og del!-sjokoladar

Pappkoppar

KrF byr på «Lik og del!»-sjokoladar og hjarteballongar. Foto: Trond Reidar Teigen / NTB scanpix / NPK

– Giftig sperm?

Professor Peggy Brønn kommenterer produkta til partia slik:

Peggy Brønn er professor ved Institutt for kommunikasjon og kultur ved Handelshøyskolen BI. Foto: Gyldendal

– Kva er greia med Høgres piké-skjorte? Det smakar blåruss for min del. Litt elitistisk og ikkje ein bra bodskap. SV legg mykje fokus på leiaren sin. Dei Grøne bruker humor med kondoma, men prøver dei å seie at sperm er like giftig som CO2-utslepp? spør Brønn.

Ho trur få veljarar vil la seg overtydd av produkta:

– Spørsmålet er om dei har nokon som helst påverknad på kva veljarane stemmer. Eg meiner valkampmateriellet har liten effekt, fordi til sjuande og sist er det overtydingsevna i bodskapen til partia og korleis det blir levert av partileiarane som gir det største gjennomslaget.

Trur på bollar

Trond Blindheim påpeikar at produkta først og fremst er eit påskot for å stoppe folk som går forbi, og at kleda fungerer som ei uniform for dei som står på stands.

– Det er ikkje meininga at den alminnelege veljaren skal ta på seg desse T-skjortene. Det kan eg aldri tenke meg, seier han.

Trond Blindheim underviser i markedskommunikasjon og forbrukaråtferd ved Høyskolen Kristiania Foto: Høyskolen Kristiania

Han trur heller ikkje produkt som pins eller såpebobler, begeistrar veldig.

– Eg trur det er ein større stoppeffekt om dei deler ut bollar og kaffi. Det er ein innertiar. Dersom dei berre står og deler ut partiprogram, prøver folk å gå ein annan veg – sjølv om dei faktisk stemmer på dei. Folk orkar ikkje å lese programmet, seier Blindheim.

Han peikar på undersøkingar blant første- og andregongsveljarar.

– Dei stemmer ikkje på programma, men på bakgrunn av kva dei assosierer med dei ulike partia. Til dømes at Senterpartiet er for folk på landsbygda, og at Høgre prioriterer næringslivet høgt.