Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

No har det skjedd på ny. Etter at Tønes slapp sitt niande album den nest siste fredagen i september har startskotet for haustmelankolien gått, og eg er på køyret. Tøneskøyret. Denne rutinen der eg berre må høyre ein song morgon, middag, kveld. Aller helst vil eg dele gleda, entusiasmen, og kjærleiken med deg, du som framleis ser Tønes som oppskrytt og middels minus. Du som ikkje forstår at han er kvardagskjærleikens profet, den som får oss til å opne auga våre i kvardagen, ved å synge ut eksistensielle spørsmål med ein humoristisk vri. Stakkars deg. Alt du går glipp av. Men fortvil ikkje, i løpet av denne teksten kjem du til å innsjå kva for ein halvgud i livet du ikkje visste du trong. Du vil få livsgneisten tilbake.

Innvendingar eg har fått når eg har forsøkt å dele lyttaropplevingar av Tønessongar er at det berre er banale revysongar som ikkje held mål. Det har fått meg til å sette spørsmålsteikn ved meg sjølv. Er det berre nostalgien som driv meg? Smile eg bare fordi de andre ler? Nei. Eg kjenner kvalitet når eg høyrer det. Og du spør no, kva er det så med denne Tønes? Her kjem svaret.

då eg va liden skar eg meg, nå reise eg rondt for å advara deg

Eg hadde nett flytta tilbake til fødebyen Stavanger, og hadde billett til festivalen Rått & Råde. Der møtte eg ein kompis, som sa eg berre måtte høyre neste artist, han var verdsberømt i Rogaland. Eg hadde aldri før høyrt om Tønes. Og synet var ikkje imponerande. Ein mann og gitaren hans, ein mann som definerte normcore før det blei kult, som fekk meg til å kjenne meg stivpynta og jålete i gul regnfrakk. Så byrja han å synge. Og alle rundt meg stemte i. Aldri før har eg kjent meg så utanfor. Eg forstod ikkje eingong kva dei song, på brei Haua-dialekt. Men eg visste allereie då, då eg forsiktig mumla med på siste refreng koss e det du koga, at denne klubben, den skulle eg bli medlem av.

du fekk ein drøm te gå i oppfyllelse, så nå he eg ein drøm mindre

Tønes sin karriere er eit døme på at det er mogleg å framleis bu i ei lita vestlandsbygd og leve av musikk, du treng ikkje å flytte til Oslo for å leve ut draumen. Denne vestlandsbygda er som oftast staden karakterane i songane hans syng frå, men sjølv om dei trivst på bygda, så lengtar dei vekk. Eg las ein gong at det finst to måtar å bli vis på. Anten bur du ein stad heile livet, eller så er du på stadig vandring. Dei fleste av oss hamnar midt i mellom, utan å komme særleg nærare noko livsvisdom. Men så ligg visesongen der, klar til å fylle oss med det vi ikkje visste vi fråskreiv oss då vi sette oss på toget, i bilen, eller på flyet. I visene til Tønes er ikkje eg-et ein taus mann, men meir ein Solveig som lengtar og drøymer seg vekk i, frå og til kvardagen. Samtidig ser denne melankolske skikkelsen på oppfylte draumar med ironisk distanse, og eit pessimistisk og halvtomt blikk.

eg står på avtalt plass igjen og det e deg eg vente på

Frank Tønnesen, betre kjent som Tønes. Foto: Jarle Vines, CC BY-SA 3.0-lisens

Tønes er kvardagskjærleikens profet. Han syng om det balanserte og harmoniske mennesket, eller ønsket om å vere det. Kan ein oppnå nirvana ved ein vestlandsfjord? Eit steg på vegen er å finne saman, og halde ut, som eit par. Tønes syng om situasjonar mellom paret der eg-et kjenner på vatnet med stortåa, mens du e allereie klissblaude i håret. Tida har kome stadig tettare på paret i Tønes sine tekstar, og på det siste albumet syng eg-et: Det e så korte stond me he i lag. I ein song legg eg-et ansvaret over på den andre parten: Lov meg at du aldri gjer opp. Meir enn ei skyldfordeling før eit eventuelt brot, er dette eg-et si erkjenning over at han kan vere vanskeleg å leve saman med. Songane spør stadig meir insisterande om kva som er meininga med paret som eining, kvifor held dei saman? Tønes sine funderingar over kva som gjer at paret held ut med kvarandre er allmenne, men songformatet er med på å opne opp for refleksjonar rundt dette.

eg kjede lett rauo av meg i lag med de rette folkane

Det er ikkje berre paret som er vesentleg for Tønes. Sentralt i hans viser er relasjonar mellom «eg» og «dei andre». På det siste albumet er det mindre humor og færre skildringar av bygdeoriginalar, men fleire refleksjonar om relasjonar. Her er ikkje berre forholdet mellom «oss» og dei så fær julane te å rulla og rulla og samfunnet te å henga i hoba, men samanhengen mellom «eg» og tinga, gud, familien og dyr. Det går ei utvikling i Tønes sin diskografi frå å skildre andre stemmer, til å la eg-et tre tydlegare fram. Ved første lytting kan det høyrast ut som at eg-et i visene opplever å vere utanfor. Men hovudpersonen opplever ikkje einsemd i det å vere sett opp i kontrast til dei andre. Snarare er det ein tilstand der det å vere utanfor bekreftar eg-et sin plass i verda, det er noko som gir det identitet og tryggleik. I visene til Tønes blir ulikskapar framheva med stor omsorg: Alle koga ikkje likt, og ofte handlar Tønes sine songar om ulikskapane som ikkje smeltar saman, men sameksisterer; her er mi sida, der er di sida, og begge får me plass i same song.

minn meg på detta når lyset sløkke

Tønes elskar kvardagen, og songane hans løfter opp det kvardagslege. Men frykt ikkje, her er ikkje roseblader strøydd ut over nyleg beisa golv: Du spør meg koss liv eg leve, om eg føle meg fri. Tønes er ein stor kvardagsironikar, som irritert formidlar smular med kjærleik: Grett å få besøg, bare dryss den kjeksen utover heila golvet, bare la de smula, vande me te å rydda. Anten det er vottar med hol i kanten, ei dykkarmaska, brillefutteralet, eller bringebærdropset som ligg mellom to sofaputer og sveitter, så fungerer desse ytre objekta som katalysatorar for ettertanke. Og uansett kor banalt dei tinga me omgir oss med kan verke når dei blir løfta fram i ein song, er det ofte dei små konfliktane som er limet i kvardagen. Desse konfliktane viser at vi er engasjerte, og at vi bryr oss om kvarandre. Det stille alternativet er verre å leve i.

eg vil stå ude i regne å  kjenna at eg leve

Tønes syng til deg som ikkje fekk stor straight på fyssta kastet, og til deg som ikkje set to strega onne svaret. Ofte inneheld songane hans direkte spørsmål som krev svar her og no: Kem e det så he bestilt ein maxitaxi? Kem he lagt fluesmikko på skjærebrettet? Kå tid ska me sjå ferdig sesong fire av The Wire? Ved å oppdage på nytt det kvardagslege blir lyttaren med på jakta etter meining, etter å forstå kven vi er, kvifor vi er her. Meininga i det tragikomiske skapar Tønes ved å leite etter dei filosofiske kvardagsorda: Ein plass ligge de å vente på at nåen andre ska komma, komma å forstå. Ved å snakke direkte til og om kvardagstinga løfter visesongaren fram det uvesentlege – og slik lyser han opp det vesentlege.

stiane vil gro igjen og det blir vondt å sjå på

Rolla til Tønes er visesongaren som historiefortellar, og visesongaren som kritikar. Han er den moderne leirbålsamlaren vi treng. Tønes er til tider ein politisk artist, som påpeiker at me alle er dråba i sjøen. Han syng om fråflytting, forgubbing på bygda, om kulturlandskap som gror att. Tønes skildrar kvardagen vår med ei brodd. Han er snerken på varm sjokolade, men du kan velje om du lar deg stikke eller om du sleiker i deg kakaoen.

når du våkne fær du nye krefte

Vi treng Tønes. Vi treng ein som stopper tida, som får oss til å sjå kvardagen med nytt blikk. Songane opnar opp for at vi kan reflektere over meininga med eksistensen, meininga med vala vi tek, meininga med oss: Ska det bli lettare, må me sitta tettare. I sitt søk etter meining gjer songane til Tønes grå kvardagar meiningsfulle, og han gjer det meiningslause viktig: Du må ta ett godt tak rundt alt så jer meining i livet. Tønes meistrar blikket, og det mollstemte blikket er hans våpen for å vekke oss. La Tønes vekke deg.