Alle franske 16-åringar skal avtene verneplikt

Alle franske ungdommar skal gå med uniform og læra seg å helse det franske flagget under ein obligatorisk vernepliktmånad.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I juni 2019 startar dei første franske 16-åringane på ein obligatorisk vernepliktmånad i det franske forsvaret.

Tre tusen jenter og gutar frå 13 regionar skal delta i den første øvinga som vart annonsert av franske myndigheiter førre veke.

Les intervju med norske Emilie Erdal som gjekk inn i Luftforsvaret i fjor!

Kostar éin milliard euro årleg

Innan 2024 skal ordninga med ein årleg kostnad på éin milliard euro inkludera alle 800.000 16-åringane i årskullet, skriv den britiske avisa The Times.

Den obligatoriske verneplikta er likevel betydeleg mindre enn det president Emmanuel Macron hadde sett føre seg i utgangspunktet då han gjekk inn for å starta opp att den franske verneplikta. Men får framleis kritikk for å vere bortkasta tid og pengar.

Frankrike avskaffa allmenn verneplikt i fredstid i 1996 – det året Macron var 18 år.

Vil styrka fransk demokrati og samfunn

Målet med den nye verneplikta er at alle unge franskmenn skal oppleva militærlivet og gjennom dette styrka det franske demokrati og samfunn. Tenåringane skal få uniformar og læra militære øvingar saman med andre jamaldringar frå ulike regionar og samfunnslag.

Som 18-åringar vert ungdommane oppmoda til å verve seg til ei frivillig militærteneste som varar frå tre til 12 månadar.

Noreg innførte allmenn verneplikt i 2015. To år etter avslørte vernepliktundersøkinga at kvinner trivst i førstegongsteneste trass i at éi av seks meldte om mobbing.