«På nytt blæs det iskalde vindar over Europa», skriv forfattar og homoaktivist Kim Friele (84) i denne talen som blei framført på Storapride 2019.
Kim Friele
Kim Friele

Då eg for 4 år sidan fylte 80 år gav eg gjestene kvar si t-skjorte påtrykt regnbogesløyfe og oppfordringa: «Om å bere i seg fortida»

Historieløyse er som ein bekk utan vatn, eit tre utan rot.

Ja, for fortida er det einaste vi verkeleg eig. Fordriv vi den, stiller vi oss likegyldig til fortida. Fornektar vi den då har vi heller ikkje øyre og auge for notida, og er dårleg eigna til å forme framtida.

2. verdskrig var eit oppgjer med fascismen og ein formidabel siger for demokratiet. Demokratiet skulle omfatte alle. Demokratiet skulle bety fellesskap, rettar og plikter for alle. Den draumen skulle det gå mange tiår før homofile, funksjonshemma, samar og jødar, for å nemne nokon, skulle få oppleve.

Vi tok sjølv opp kampen for likeverdet til forskjellane. Likeverd og like rettar for alle, er nettopp knytt til demokratiet.

Likeverd og like rettar for alle, er nettopp knytt til demokratiet.

Homofiles kamp mot ekskludering omfatta kampen mot strafferettslig diskriminering, mot sjukdomsdiagnosen «mentalt forstyrra» og mot fordøminga til kyrkja. Då eg i 1963 blei aktiv i organisasjonen som i dag heiter FRI, diskuterte ein i det såkalla Straffelovrådet, å innføra ytrings- og organisasjonsforbod for homofile.

Kim Friele på Storapride på Stord 10. august. Foto: Svein Olav B. Langåker

Vi tok opp kampen mot eit omfattande yrkesforbod og grov diskriminering. Det skulle gå mange tiår før vi blei fullverdige borgarar av dette samfunnet, før vi òg blei omfatta av fellesskapet.

På nytt blæs det iskalde vindar over Europa. I dag gir dei høgrepopulistiske ordskvaldrane teikn på gehør òg i landet vårt.

Føler ein seg misnøgd, forbigådd og neglisjert er det lett å flykte FRÅ fridom TIL underkasting. Nasjonalistiske parti veit å fiske i rørt vatn. Aggresjonar og mishag gir feit jord for høgrepopulistiske parti. JA til Nasjonalstaten i kombinasjon med forakt for multikulturelle idear og menneskeleg mangfald, er typiske trekk i fascistisk ideologi.

Føler ein seg misnøgd, forbigådd og neglisjert er det lett å flykte FRÅ fridom TIL underkasting.

Rundt om i dagens Europa blir jødar, homofile og flyktningar hånt, trua og kjeppjaga – i namnet til rasen eller biologien. I Noreg møter jødar antisemettismens iskalde gufs, homofile ukvemsord og vald – og asylsøkarar ei mistenkeleggjering hinsides det anstendige. For å verje seg mot stigmatisering vel homofile og jødar å skjule seg.

Frykta til folk for å falle utanfor blir omsett i aggresjon mot dei som blir oppfatta som forskjellige. Jødar, homofile, innvandrarar og asylsøkarar kan på nytt nyttast som det verktøyet dei historisk sett alltid har blitt brukte til, nemleg som avleiingsmanøver for hat og forakt.

Angrep på likeverds- og likestillingspolitikken bidrar til å svekke rettane til alle borgarar i eit samfunn. Noregs anerkjenning av homofile gjennom dei siste 60 åra er ikkje berre eit resultat av vår eigen kamp, men har òg skjedd i eit samfunn i vekst. Eit samfunn som ikkje har blitt drive fram av frykt, men der politikken har blitt tufta på å skape ei betre framtid for alle.

Vi må framleis kjempe FOR demokratiet, MOT frykta og FOR velferda. Det er viktig for oss alle at vi kjenner på tilhørsla og på fellesskapet. At alle vi som er såkalla annleis ikkje blir sett på som ein trussel, men framstår som ein berikelse og skaper eit mangfald som vi ikkje fryktar. Det er først då vi kan kjenne igjen det Noreg som vi er så stolte av å vere ein del av.

Eitt viktig teikn på om det står bra til med demokratiet, er korleis samfunnet behandlar minoritetane sine

Til dykk unge, som har framtida framfor dykk, og som skal føra demokratiet vidare vil eg seia følgjande; eitt viktig teikn på om det står bra til med demokratiet, er korleis samfunnet behandlar minoritetane sine. Ser vi på Europa i dag er det mange alvorlege teikn på at demokrati står under press. Vi ser det i Ungarn, i Polen – men òg utanfor Europa. Det er nok å vise til korleis president Trump filleristar sine minoritetar for å fremje sin høyrepopulistiske politikk. For kva er det som skjer der ute og som vi dessverre òg kan sjå teikn til her heime. I ei tid der velferdsstatane står under press, der skilnadene aukar i befolkninga og kor mange borgarar føler framtida si trua – kva er det då høgrepopulistar grip til?

For ein som er så gammal som meg, som ber i meg fortida, så kjem no gamle klassikarar på nytt til syne, nemleg det å nøre opp under frykta til folk, ved å peike på dei av oss som er såkalla forskjellige. Det er DENNE frykta vi må til livs.

Talen er omsett til nynorsk med løyve frå Kim Friele.

Les intervju med Kim Friele her: Då eg var 20 år: Kim Friele var au pair – og forferdeleg forelska

Karen-Christine som 21-åring (til venstre). 10. august var Kim Friele med på å feira Storapride på Stord. Foto: privat og Svein Olav B. Langåker
Oppdatert: måndag 19. august 2019 13.57

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE