AUF-leiaren vil fjerne statsstøtta til Human Rights Service

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er ikkje snakk om innvandringskritikk, for det må vi tole. Det er snakk om den framandfiendtlege måten ein beskriv muslimar på. Derfor meiner vi at det er på tide å kutte, seier Libak til VG.

Støtta til Human Rights Service (HRS) var i statsbudsjettet for 2019 først kutta ut. Men etter ein intern strid i regjeringa enda organisasjonen opp med ein halv million kroner.

– Vi må diskutere alt vi kan gjere for å få bukt med hatet. Eitt av tinga vi i alle fall kan gjere, er å kutte støtta til HRS. Det har vi diskutert i fleire omgangar, og det vil vise tydeleg frå regjeringa at dette er ein organisasjon som ikkje vil få statlege pengar, meiner Libak.

HRS driv mellom anna den innvandrings- og islamkritiske nettstaden rights.no.

– Dette er eit spørsmål vi behandlar i budsjettet, så eg har ingen kommentar til det, svarer statsminister Erna Solberg til VG.

Rita Karlsen i HRS seier kallar utsegna eit politisk spel.

– Det er kjempetrist fordi det vi har halde på med i 20 år, er å ta opp dei problematiske sidene ved innvandring. Det har vi gjort av godheit for eit velfungerande fleirkulturelt samfunn, seier Karlsen og legg til at organisasjonen tar fullstendig avstand frå vald. (©NPK)

LES OGSÅ: – Debatten har blitt meir polarisert