Isen utanfor Alaska har forsvunne heilt

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I Arktis skjer klimaendringane i eit raskare tempo enn elles i verda. Ein ny analyse frå National Weather Service i USA viser at havisen har heilt forsvunne frå farvatna utanfor Alaska.

Du må no reisa 250 kilometer frå kysten av Alaska før du møter på is.

– Dette er definitivt eit ekstremt år – sjølv etter ny standardar for eit endra Arktis, seier Walt Meier, seniorforskar ved National Snow and Ice Data Center, ifølgje Mashable.

– Eg er i ferd med å mista evna til å kommunisera kor kraftig endringane er. Eg går tom for adjektiv for å skildra omfanget av endringane som me ser, seier Jeremy Mathis, styreleiar for National Academies of Sciences, ifølgje Mashable tidlegare i sommar.

Ifølgje FN-organisasjonen WMO er juli 2019 truleg den varmaste som er målt nokon gong, så vidt varmare enn 2016.

LES OGSÅ: Forskarar: Fleire norske isbrear vil forsvinna

Kartet viser at du må over 250 kilometer frå kysten av Alaska før du finn is. Kart: National Weather Service