Dyrevernalliansen har samla 11.000 underskrifter for betre grisevelferd

Meir enn 11.000 personar har skrive under på eit opprop for ei haldningsendring i svineproduksjonen. Aksjonen er starta av Dyrevernalliansen.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Med oppropet «Grisen fortjener et bedre liv» har Dyrevernalliansen samla inn over 11.000 underskrifter som skal leverast til landbruksminister Olaug Bollestad (KrF), skriv Nationen.

Det var etter at NRK viste dokumentaren «Griseindustriens hemmeligheter», at Dyrevernalliansen starta kampanjen. I dokumentaren filma regissøren griseindustrien med skjult kamera og avdekte mishandling av grisen i fleire fjøs.

– Formålet med kampanjen er å synleggjere reaksjonane frå publikum etter NRKs avsløring, og å bruke dette engasjementet til noko positivt, seier Live Kleveland, kommunikasjonsleiar i Dyrevernaliansen til Nationen.

Kleveland avviser at organisasjonen er motstandarar av svineindustrien, men seier at dei arbeider for å snu norsk landbruk i meir dyrevennleg retning der god dyrevelferd lønnar seg for bonden.

Les innlegget frå grisebonde Jørund Kvaale Hansen: «Sjølv om grisane i fjøset mitt har det bra, er det ingen tvil om at dei kunne hatt det betre»

Illustrasjonsfotoet eg har vald er den sjukaste grisen av dei 120 grisane eg har i fjøset nett no. Den har, truleg på grunn av eit halesår, fått leddbetennelse i venstre framfot, og er halt. Den er teken ut av bingen, og går no i ein sjukebinge med ekstra plass og ro for seg sjølv. I samråd med veterinær går den på ein antibiotikakur, og eg har trua på at den skal verte heilt frisk og rask att. Slik skal det vere, og slik ER det i dei aller fleste grisefjøs, skriv Jørund Kvaale Hansen. Foto: Privat