Åtvarar om auka smitte og utbreiing av gonoré

2023 var eit rekordår for gonorésmitte her i landet. Ubeskytta sex og manglande testing driv smittetala oppover, seier ekspertar.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Bioingeniørane Linda Manley og Anna Lien, som jobbar ved Fürst Medisinsk Laboratorium i Oslo, fortel at dei gjerne ser test- og smittetoppar etter periodar der alkoholkonsumet har vore høgare enn vanleg.

Tida etter julebordsesongen, romjuls- og nyttårsfeiring, sommarferien og fadderveker på høgskular og universitet er slike periodar.

– Det bør vere eit nyttårsforsett å teste seg, dersom ein har hatt tilfeldig og ubeskytta sex, seier dei to i ei pressemelding frå Nito.

Anna Lien (t.v.) og Linda Manley er bioingeniørar ved Fürst Medisinsk Laboratorium på Furuset i Oslo. Foto: Audun Larsen / Nito

Oppmodinga er ikkje teken ut av det blå: Tal som Norstat har henta inn for Nito Bioingeniørfagleg institutt viser at 44 prosent av dei spurde har hatt tilfeldig sex utan å bruke kondom. 67 prosent av dei som oppgir å ha hatt ubeskytta sex med ein tilfeldig partnar, seier at dei ikkje har testa seg i etterkant.

Det uroar Manley og Lien.

– Mange er for dårlege til å beskytte og teste seg. Det er med på å føre til smittespreiing og høgare utbreiing av kjønnssjukdomar, seier dei.

Gonorésmitten berre aukar og aukar, går det fram av ferske tal frå Folkehelseinstituttet. Ved utgangen av 2023 var det registrert 2972 smittetilfelle av gonoré, ein auke på 60 prosent sidan 2022. Då vart det registrert 1858 smittetilfelle.