Sigrid (26) er Vinjerock sin nye festivalsjef: – Tenk om eg øydelegg festivalen?

I 2014 melde melde aurlendingen seg frivillig til fjellfesten i Eidsburgarden. No, knappe fem år seinare, tek ho over ansvaret for heile sulamitten.

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg visste ikkje at eg kunne jobbe noko med så kjekt heile året! seier Sigrid Skjerdal på telefon til Framtida.no.

26-åringen frå Aurland skal no ta over som festivalsjef og dagleg leiar for Vinjerock, når danske Julie Forchammer gjer seg etter fem år ved roret.

– Det er litt fallhøgde, sidan Vinjerock har eit så godt omdømme og folk forventar ei god oppleving. Tenk om eg øydelegg festivalen, seier ho lattermildt.

Men eigentleg er ho ikkje særleg uroa. Med seg på laget får ho påtroppande nestleiar Boye Skøre og økonomisjef Ingebjørg Blomlie Müller. Begge har lang fartstid i festivalen:

– Dei har ein utruleg kompetanse, og er gode på det dei driv på med. Dei har mykje engasjement og kreativitet, så eg har ikkje mykje å vere bekymra for, seier Skjerdal.

Samstundes rosar ho den solide staben og dei frivillige som kjem att år etter år, og gjer at festivalen kvar gang går på skinner.

Slik ser den nye leiartrioen i Vinjerock ut. Frå venstre: Ingebjørg Blomlie Müller (økonomisjef), Sigrid Skjerdal og Boye Skøre (nestleiar). Foto: Vinjerock/Joakim Mangen

Blide fjes i styrtregn

Når Framtida.no pratar med Skjerdal sit ho i bilen sin på ferja på veg heim frå årets Vinjerock, etter nokre dagar med nedrigging og så ein pust i bakken på hytta til onkelen og tanta.

Festivalen i fjellheimen fekk i år ein god dose regn, men det hindra ikkje Thea Hjelmeland og eit ivrig publikum i å drage i gang polonese og setje «ny rekord i jenkalenke» som Skjerdal seier.

Seinare kom Karpe Diem også på scena, ein draumekonsert for aurlendingen:

– Eg trur aldri eg har sett så mange blide fjes i styrtregn, seier 26-åringen.

Thea Hjelmeland sørgja for jenkalenke i gjørma under årets festival. Foto: Vinjerock

«Tårer i augo»-augeblikk

Sigrid Skjerdal dukka først opp på Vinjerock i 2014. Lite visste ho då om at ho berre fem år seinare skulle ta over ansvaret for heile sulamitten. Då hadde systera og søskenbarnet til aurlendingen lovprisa Vinjerock i fleire år, men med berre 3000 festivalbillettar til sals sleit Skjerdal med å få delta.

Så fekk ho nyss om at Vinjerock trengde nye folk til å ta over festivalradioen, og no hadde ho sjansen.

– Eg kunne ingenting om radio, men fann ut det var noko eg kunne lære meg, fortel 26-åringen.

Sidan dess vart Skjerdal meir og meir engasjert i fjellheimsfestivalen, og dei siste åra har ho vore redaktør for festivalradioen og hatt ansvaret for PR og presse for Vinjerock.

Nokre av sine beste festivalminner har ho frå radiodagane i eit lite telt 1060 meter over havet:

– Når vi har hatt sendingar med Comet Kid og Moddi og utruleg fine artistar på eit FM-nett som strekk seg to kilometer ut i campen. Dei sit tett i tett rundt med ein gitar og spelar. Det er «tårer i augo»-augeblikk, seier Skjerdal.

For mange var nok årets Karpe Diem-konsert eit «tårer i augo»-augeblikk. Foto: Vinjerock

Ein ny kvardag

Etter litt ferie, skal Sigrid Skjerdal no pakke ihop livet i Sogndal og flytte til Vang saman med kjærasten. Endå veit ho ikkje heilt korleis sin nye kvardag vert, men den vil nok innehalde meir kontorarbeid, planlegging, delegering og å sørgje for at ting går etter planen.

Etter å ha arbeidd saman med førre festivalsjef Julie Forchammer nokre år har ho plukka opp både tips og lærdomar som kjem godt med.

– Ho er god på å gje fridom og gode rammer for staben og dei som jobbar med staben til å lage ein god festival og til å vere kreative, forklarar 26-åringen.

Samstundes vil ho vidareføre kjerneverdiane til Vinjerock om å vere ein festival som tek vare på lokalmiljøet og naturen, slik at ein kan gå på tur i Jotunheimen til trass for at fleire tusen menneske var samla på festival dagen før.

– Og ein viktig ting ho lærte meg no, det er å alltid behalde roa. Om leiaren ligg i ei hengekøye og slappar av, så senkar også dei andre skuldrene, seier Skjerdal.

– Vi har verdas beste festivalpublikum. Uansett kva idear vi kjem med anten det er fjellbingo, strikkekurs eller swingkurs, så funkar det dritbra. Dei er så opne og gira og det er ein utruleg luksus, seier Sigrid Skjerdal. Foto: Vinjerock

– Den beste festivalen nokon gong

Når 26-åringen no tek eit steg vidare bak kulissane, og gjer fast fulltidsjobb av festivallivet ho likar så godt, så vil det også verte mykje arbeid.

Men innimellom alt høyrer ho tilbakemeldingar som gjev krefter for å gjere det same år etter år:

– I fjor på laurdagen, så var vi klare for siste kvelden. Det var strålande sol, og eg gjekk bort mot campen. Eg overhøyrde nokon i forbifarten som sa: «Dette må vere den beste festivalen eg nokon gong har vore på», fortel Skjerdal og held fram:

– Og eg var så sliten, og byrja å grine for det var så hyggeleg å høyre, seier den nye festivalsjefen.

Foto: Vinjerock