Mattilsynet åtvarar mot giftige blåskjel
Mattilsynet tilrår ikkje å sanke eigne blåskjel grunna oppblomstring av giftige algar utanfor Bergen, i Trøndelag og langs Helgelandskysten.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Nervegifta PSP har vorte påvist i blåskjel utanfor Øygarden i Bergen, skriv NRK.
Gifta har òg vorte funnen i skjel langs Helgelandskysten og nordover mot Bodø og fleire målestader i Trøndelag.
– Grunnen til det er oppblomstring av giftige algar i vassmassane, seier seniorinspektør Anne Kari Hansen ved Mattilsynets avdeling i Trondheim og omland til NRK.
Blåskjelvarslinga har 36 målestadar i landet og varselet er gjeldande fram til 26. juli.
Det er særleg nervegifta PSP, diarégifta DSP og ei såkalla ASP-gift som kan skade hjerneceller og gi hukommelsestap som vert overvaka.
- Les også: Ingen veit kvifor blåskjela forsvinn