– Me treng den største dugnaden som nokon sinne har vore

Tiril Eiken
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Me er små i Noreg, men har likevel eit stort ansvar. Me treng at rike land som Noreg gjer bidrag i kampen mot klimaendringane, og for å nå måla treng me tiltak på alle plan. Dei rikaste befolkningsgruppene med størst klimafotavtrykk må gå fremst og kutta mest. Kvar og ein må verta medviten sine forbruksvaner, som igjen påverkar næringslivet til å ta ansvar, og me treng større samfunnsmessige strukturendringar. 

Vår velstand er bygd på oljeutvinning, og det er klart at spørsmålet om å fasa ut olja skapar debatt. I klimasamanheng er det kun eitt logisk svar: olja MÅ fasast ut og me treng betre alternativ.

Me er små i Noreg, men har likevel eit stort ansvar

Her har Noreg enorme biologiske ressursar som kan nyttast. Dette er fornybare ressursar som kan nyttast til langt meir enn energiproduksjon, og kan erstatta fossile alternativ. Aktiv skogforvaltning gjer biomasse som kan nyttast til blant anna biodrivstoff, samstundes som skogen lagrar store mengder CO₂.

Produkt frå industrien vil og verta avgjerande for å gjennomføra det grøne skiftet, og me må realisera lågutsleppsteknologi innan våre viktigaste industrigreiner. Når fossil energibruk vert utfasa, må prosessane effektiviserast. Me må skapa ein ny industri som tek i bruk fornybar kraft og råstoff, og det vert avgjerande med fangst og lagring av CO₂

Men den største suksessfaktoren eg ser i klimakampen er at alle kan bidra, og at det ein gjer som enkeltperson også hjelper. Me treng den største dugnaden og den største haldningskampanjen som nokon sinne har vore. 

Me treng den største dugnaden og den største haldningskampanjen som nokon sinne har vore

Eg ynskjer å læra meir om klima slik at eg kan vera med å forma framtida på ein god måte. Det siste året har eg engasjert meg politisk der distriktspolitikk samt klima og miljø er mine hjartesaker. Eg har ikkje vald det partiet med sterkaste miljøprofilen, men alle parti treng engasjerte medlemmer som løftar miljøsaka. Det må brei politisk semje til for at me skal lukkast med eit grønt skifte. Derfor finn eg det svært lærerikt og meiningsfylt å delta i Senterungdommen si klimapolitiske arbeidsgruppe. Forhåpentlegvis skal me vera med å forma Senterpartiet sin klimapolitikk i framtida. 

Eg er lærling innan havbruk, ei næring som er viktig for verdiskapinga i distrikta, men som  står over for miljømessige utfordringar. Det er viktig at me som skal jobba i næringa er medvitne desse utfordringane og kan finna ein berekraftig veg vidare.

Eg skal også overta fruktgard i Hardanger, ei av dei mest klimautsette næringane som er. Skal eg ha ei framtid innan desse næringane, treng eg så mykje kunnskap som råd om kva utfordringar som ventar meg.

 

Les også saka om korleis betre språk kan redda klima: – Ordet klimaendringar kan faktisk redusere engasjement:

Ein av elevane som streika for klima fredag 24. mai. Foto: Mateo Jimenez Tilrem