EU peikar på 100 teknologiar for framtida

Flygande bilar, smarte tatoveringar og usynlege materialar er nokre av dei 100 innovasjonane EU kallar moglege gjennombrot fram mot 2038.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det viser ei kartlegging bestilt av Europakommisjonen. Blant dei modne teknologiane er genredigering og fleksibel elektronikk, skriv Teknisk Ukeblad.

Dei teknologiske gjennombrota er ifølgje rapporten venta å skje blant anna innan områda kunstig intelligens og robotar, samhandling mellom menneske og maskin og biometri, elektronikk og data, biomedisin, trykk og materialar og energi.

Kartlegginga blir rådgivande for kva EU skal bruka nær 1.000 milliardar kroner (100 milliardar euro) på mellom 2021 og 2027 gjennom forskingsprogrammet Horisont Europa, som også Noreg er ein del av.

Moden/umoden teknologi?

Forfattarane bak rapporten har rangert teknologiane ut frå kor modne dei er og kor sterke land i Europa er på dei ulike felta. Europa er blant anna leiande på talerobotar og autonome farkostar. Bioinformatikk og hydrogendrivstoff er rekna som umodne teknologiar der Europa ikkje er leiande, skriv TU.

– Dette er eit viktig bidrag det forfattarane har brukt ein veldig interessant metode. Dei brukte kunstig intelligens, tekst og datautvinning, men sjekka også med ekspertane på feltet. Det er ein veldig god rapport som viser svake sider og moglegheitene med ulike teknologiar, seier sjef for industriell teknologi Peter Dröll Europakommisjonen i ei utsegn.

VR-BRILLER: Spelbasert læring er nytt på KVV, og Nikolai Mayer (t.h.), Sander Torget, Mads Løland Eik og Harald Warberg testar ut dei nye VR-brillene. Foto: Kvinnheringen.no.