Star Wars-kvinnene kler av seg makta

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

To amerikanske forskarar har analysert dei populære filmane utfrå eit kjønnsperspektiv og konklusjonen er klar: Kvinnene vert meir lettkledde i takt med at rolla endrar seg og dei mister makt.

Det skriv Forskning.no.

Frå sjølvstendig til sexsymbol

Forskarane Mary C. King og Jessica L. Ridgway har teke føre seg dei seks første episodane i Star Wars-sagaen, og den kvinnelege hovudkarakteren i kvar triologi: prinsesse Leia Organa og dronning Padmé Amidala.

Etter å ha granska karakterane sine 118 scener og 43 kostymer meiner forskarane at både Leia og Padmé vert offer for stereotype framstillingar av kvinner i ei romantisk rolle, skriv Forskning.no.

Frå å vere sjølvstendige og handlekraftige kvinner vert dei seksualisert og avhengige av sine nye romantiske partnerar.

Les også om pølsefesten i «Justice League»: Wonder Woman framstår meir som eit augesnop enn kampklar når ho er iført ein badedrakt som rustning og sko med kilehælar.

Leia er lei’a stereotypiar

Dei amerikanske forskarane meiner at prinsesse Leia vert framstilt som uavhengig både då ho ikledd ein laus og dekkjande kjole vert redda frå fangenskap i første film, og då ho i den ikoniske gullbikinien i siste film kveler kidnapparen sin Jabba the Hutt med ei lenke.

Her kan du sjå Leia handle opp på eiga hand:

Hennar skifte skjer då ho vert forelska i Han Solo. Endå bikinien er lagt på hylla, er kledene langt meir ettersitjande og dei stramme hårknutane er bytta ut med ei feminin laus flette. Der den mektige opprørsleiaren Leia tidlegare kjempa side om side med Han Solo, så flyktar ho no frå angrep.

Endå meir stereotypisk enn prinsesse Leia er den meir moderne dronning Padmé.

Les også om Ruth Bader Ginsburg: Den andre kvinna nokon sinne til å verte utnemnd til høgsterettsdommar i USA.

Frå dronning til heimesitjar

Slik såg eit av dronninga sine kostymer ut i den første filmen. Michael Barera [CC BY-SA 4.0]

Forskning.no skriv at Padmé vert introdusert i overdådige og dekkjande klede, men går over til å vise hud og ha ettersitjande klede som framhevar figuren. Samstundes vert Padmé si rolle som ei aktiv maktutøvar stadig redusert, og må i tredje film vike til fordel for ei Padmé som mest sit heime.

Også hennar endring er knytt til romantikken: Det skjer parallelt med at dronninga utvikler eit forhold med Anakin Skywalker.

Det er denne endringa som følgje av romantiske relasjonar forskarane vil framheve. Ifølgje Forskning.no understrekar dei at det ikkje er noko i vegen for at kvinner kan ha makt og samstundes vere feminint kledde, problemet oppstår når filmindustrien insisterer på at kvinner må vise hud, framheve kroppsform eller endre frisyre for å vere tiltrekkjande for andre rollefigurar.

Kontrasten er stor til dette antrekket som Natalie Portman brukar i sin andre film som dronning Padmé. Skjermdump: Star Wars Episode II: Klonene angriper (2002).

Les også: Disney-prinsessene sitt snakkeproblem