Ny 113-nettside skal redde liv

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I dei kritiske minutta før helsepersonell kjem ved akuttmedisinske hendingar kan innsatsen til dei som tilfeldigvis er i nærleiken, utgjere forskjellen på liv og død.

No lanserer Helsedirektoratet den offisielle nettstad for førstehjelp i Noreg. På 113.no finn ein informasjonen som trengst for å vere i stand til å yte riktig førstehjelp.

Det er Nasjonal kompetanseteneste for prehospital akuttmedisin (NAKOS) som på vegner av helsestyresmaktene har utvikla nettsida.

Les også om appen som hjelper luftambulansen finne fram: – Det er ingen tvil om at den kan redda liv.

Ikkje for å avlaste 113

– Det aller viktigaste vi kan gjere, er å vere med på å redde liv. Årleg får 3.500 personar i Noreg hjartestans utanfor sjukehus. Ved å jobbe saman og raskt gi livreddande førstehjelp kan vi redde 200 fleire liv kvart år, seier direktør Bjørn Guldvog i Helsedirektoratet til NTB.

Han seier at tenesta ikkje er til for å avlaste 113, men for å få heile akuttkjeda til å fungere best mogleg.

– Den viktigaste brikka i den kjeda er deg og meg. Ofte er det som skjer dei første minutta, heilt avgjerande, seier Guldvog, som understrekar at det viktigaste framleis er å ringe 113 ved ein akuttsituasjon.

Helsedirektør Bjørn Guldvog i Helsedirektoratet var med å fronte ei ny nettside som skal hjelpe med å gi riktig livreddande førstehjelp. Sida er ein del av «Sammen redder vi liv»-dugnaden. Foto: Tore Meek / NTB scanpix

Les også om Hardanger ungdomsråd som krev lovfesta responstid for ambulanse: – Det står om liv og død

Kan redde liv

Ifølgje ei landsrepresentativ undersøking nyleg utført av Norstat er det eit stort betringspotensial i kunnskapen til befolkninga om og evne til å gi førstehjelp.

Halvparten av dei spurde i undersøkinga svarer at dei ikkje kan gi riktig førstehjelp, og ein firedel seier at dei er redde for å gjere noko gale viss dei måtte gi førstehjelp.

På nettsida er det informasjon om kva ein skal gjere i ulike førstehjelpssituasjonar, som korleis ein bruker ein hjartestartar, korleis ein legg ein person i stabilt sideleie, og kva for symptom ein skal sjå etter for å kjenne igjen slag og hjarteinfarkt.

Ein kan òg sjekke kor næraste hjartestartar er, og kva eit førstehjelpsskrin bør innehalde.

Professor og anestesilege Jo Kramer Johansen var med på å fronte ei ny nettside som skal hjelpe med å gi riktig livreddande førstehjelp. Foto: Tore Meek / NTB scanpix

– Eit sakn

Folk som jobbar med akuttmedisin ser kor nyttig det er at dei som er hos pasienten, er trygge på at dei kan gjere noko, seier professor og overlege i anestesi, Jo Kramer-Johansen ved legeambulansen i Oslo og NAKOS.

– For publikum har det kanskje vore forvirrande at det har vore mange nettsider med råd og tips. Eg trur det har vore eit sakn etter ei nettside med eit offentleg stempel, seier han til NTB.

Kramer-Johansen meiner nettsida kan brukast til å få friska opp kunnskapane og til å få inspirasjon til å trene praktisk på livreddande førstehjelp. Men han understrekar at når nokon blir akutt sjuke, er det nødtelefonen som gjeld.

Lurer du på korleis arbeidskvardagen er som ambulansearbeidar? Maja Christine Oskal frå NRK-serien «113» fortel. Hint: Ingen dagar er like. 

Maja Christine Oskal (til venstre) og kollega Maja Louise Lauritsen viser fram arbeidskvardagen sin i NRK-serien «113». Foto: Ingun Mæhlum/NRK