– Appen frå luftambulansen reddar liv!

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Kvinnheringen.

Før helga var Margretha saman med kameraten Mats Grimsæth, som er eventyrar og fotograf, på Finse for å kita.

– Vi høyrte eit rop, og trudde først det var nokon som hadde det moro. Men vi forstod raskt at det var eit panikkrop og at vedkommande trengte hjelp, fortel Margretha.

Les også: NTNU ønsker å utvikle ambulansedronar

«Hjelp 113»

Ho og kameraten Mats blei samde om å fordela oppgåver: Han kontakta luftambulansen, medan Margretha prøvde å lokalisera mannen i naud. Mannen hadde falle rundt seks meter og truleg brekt armen.

– Det var heilt kvitt og nesten umogleg å sjå noko i fjellet, fortel ho.

Takka vera ein app som Norsk Luftambulanse har laga, kalla «Hjelp 113», fekk Mats sendt posisjonen og koordinatane sine i det han ringte. Dermed kunne eit helikopter med lege landa der Margretha og Mats hadde sikra mannen og ta han med seg.

Sjå Norsk Luftambulanse sin video av redningsaksjonen av mannen på Finse, som Margretha er med i:

Oppmodar fleire til å lasta ned appen

Margretha jobbar som fjellguide, og fortel at ho dessverre har vore borti liknande situasjonar.

– Også i Kvinnherad er det mange som går toppturar, og det er ofte vanskeleg å vita nøyaktig kor ein er i fjellet viss det skulle skje noko. Det er det som er så genialt med appen, og mange fleire burde lasta den ned. Det er ingen tvil om at den kan redda liv, fortel Margretha, og legg til at den klare oppmodinga er å ringa eitt av naudnummera éin gong for mykje enn éin gong for lite.

Les også om Hardanger ungdomsråd som krev lovfesta responstid for ambulanse: – Det står om liv og død

– Det er faktisk noko som står om liv og død. Det er ikkje berre eldre som kan skada seg. Det gjeld oss òg, eller det kan vera besteforeldra våre, seier Marte Kristoffersen (16) frå Granvin ungdomsråd (andre frå høgre), saman med (frå venstre) Tiril Eiken frå Jondal, Bjørk Thorbjørnsen frå Ulvik, Oda Medhus frå Eidfjord og resten av Hardanger Ungdomsråd er ho på Stortinget for å løfta saka.