Trass i internasjonal uro rundt handelskonflikt og brexit meiner statsminister Erna Solberg (H) utsiktene for norsk økonomi er gode.
NPK-NTB
NPK-NTB

– Den gode utviklinga speglar arbeidsmarknaden, sa Solberg i debatten om revidert nasjonalbudsjett i Stortinget fredag.

– Sysselsetjinga aukar sterkare enn på lenge. Berre dei siste tre åra har det vorte 109.000 fleire sysselsette. Delen som er i jobb aukar, etter fleire år med nedgang, slo ho fast.

– Ekstra gledeleg er det at sysselsetjinga kjem i privat sektor – fire av fem det siste året, sa statsministeren.

Solberg viste til at veksten er god i norsk økonomi, at investeringsviljen er høg, både i fastlandsøkonomien og på norsk sokkel, aktiviteten i næringslivet går oppover og at vi ser tendensar til ny industrialisering i Noreg.

Samtidig peika ho på usikkerheit knytt til handelskonflikten mellom USA og Kina og at Storbritannia trekkjer seg ut av EU.

– Vi skal glede oss over den gode utviklinga, der fleire kjem i jobb og veksten i økonomien ser ut til å halde seg høg. Men sjølvsagt skal vi også ta høgde for dei utfordringane som eventuelt kan komme utanfrå, sa Solberg. (©NPK)

Følg med i serien YRKET MITT!

Oppdatert: sundag 23. juni 2019 17.29

Kommentarar

ANNONSE