Nær 3 av 4 er bekymra for plastinnverknad på miljøet

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Årleg vert det produsert over 300 millionar tonn plast – det svarar til 900 bygningar på storleik med Empire State Building.

Ei ny spørjeundersøking utført av Ipsos syner at 73 prosent av nordmenn er veldig bekymra eller ganske bekymra for innverknaden plast har på miljøet.

Forbudt frå 2021

Det er ikkje berre nordmenn som er uroa for konsekvensane av plast. Også i Storbritannia stig problematikken stadig høgare på prioriteringslistene: Ein ny studie indikerer at plastavfall vil meir avgjerande enn pris når britiske forbrukarar skal velje varer i butikken.

Problemet med plast er at det tek lang tid å verte brote ned i naturen – forskarar reknar med at det tek 450 år for ei plastflaske. Mesteparten vert ikkje gjenvunne, men endar opp som søppel. Både i naturen, og i havet.

Nyleg vedtok EU difor å forby eingongsplast som bestikk, sugerør og q-tips frå og med 2021. Samstundes sette unionen nye mål for gjenvinning, og styrka prinsippet om at dei som forureiner lyt betale.