Gjev ut bok posthumt: – Han lét etter seg så mykje som fortener lesarar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Med debuten «Eit vintereventyr» i 2008 vart Leikvoll spådd ein lysande karriere. Med «Fiolinane» hagla superlativa igjen uhemma frå bokmeldarane i landet. Han hadde skrive vondt. Lysande. Originalt. Håpa til den tredje boka hans var store.

NRK sende eit heilt eige bokprogram med Leikvoll, og på haustlistepresentasjonen til Samlaget i 2012 var det vigd særleg tid til å presentere «Bovara».

– Det er sagt mykje ulikt om bøkene mine. At dei er mørke. Makabre. Grufulle. Men eg synest jo håpet og lengsla, og eit mogleg lys i det fjerne, er det som ber romanane, uttalte forfattaren sjølv til NTB då «Bovara» kom ut. Han la til:

– Nokre vil kanskje seie at den nye romanen min, «Bovara», sluttar grufullt. Men eg ser det som ein ny start for karakteren Frrok.

 

 

Les også intervjuet med Åsmund Husabø Eikenes som har skrive boka Håkon om livet som vaksen og skeiv: – Vi lever 50-60 år etter vi kjem ut av skapet.

Typisk Leikvollsk, men meir humor

Leikvoll rakk òg å sleppe boka «Songfuglen» (2013) før han gjekk bort i 2014. Posthumt kom òg «Forkynnaren» (2015). Og til hausten har altså Samlaget endå ein ny roman frå Leikvoll klar. Den får tittelen «Heimatt».

– Han lét etter seg veldig mykje, og denne var så pass ferdig at vi vel å gi han ut, han fortener lesarar, seier kommunikasjonssjef i Samlaget, Karin Helgøy.

Håpet og lengsla, og eit mogleg lys i det fjerne, er det som ber romanane

Haustlista til forlaget rommar òg ein del informasjon om den nye romanen – som blir sagt å vere inspirert av Kafka:

I hovudrolla møter vi Ingmar, som har flytta til Enklaven. Her lever han eit godt liv som prostituert på eit attraktivt bordell. Men tungrodde byråkratiske prosessar, og veksande mistenking og aggresjon rundt han, gir boka ein stadig mørkare valør. Og det truande Ordensvernet blir berre hardare mot alle som ikkje passar inn.

– Dette er typisk Leikvollsk. Men denne gongen er det litterære universet meir likt vår eiga verd og det er meir tydeleg humor her, seier Helgøy vidare om boka.

Les også intervjuet med Instagrampoet Trygve Skaug: – Ungdom i dag er mykje flinkare til å snakka om følelsar og våga å ha følelsar

Eit komplett puslespel

Det kan ofte vere litt av eit puslespel å arbeide ferdig eit manus med tanke på posthum utgjeving.

Søstera til Leikvoll, Christine Leikvoll, og redaktøren hans på Samlaget, David Aasen, har samarbeidd om begge dei posthume utgjevingane. Dei fortel at forfattaren med «Heimatt» lét etter seg eit komplett manus i den forstanden at det hadde både start og slutt, og dessutan ei samanhengande forteljing der nokre deler var meir skisseaktige, medan andre var så å seie ferdige.

Manuset var godkjent – og forfattaren hadde allereie tatt fleire rundar med forlaget.

– Det stod framleis att nokre rundar, det var parti han vurderte å ta ut og han hadde òg idear til fleire scener som skulle flettast inn, seier Aasen. Christine Leikvoll legg til:

– Han gjorde greie for tankane om prosessen i e-post til redaktøren og i samtalar mellom han og familien, og også gjennom notat i sjølve manuset. Han skreiv seg ofte gjennom manus mellom 20 og 40 gonger, og framleis mangla den siste finpussen. Mykje av det redaksjonelle arbeidet har vore å styrkje uferdige setningar og avsnitt.

Forfattar Jan Roar Leikvoll (1974-2014) under presentasjonen av Det Norske Samlagets haustliste 2010. Foto: Berit Roald / NTB scanpix / NPK

Små glimt i mørket

På spørsmål om det finst nokon raud tråd i Leikvolls bøker, er både søstera og redaktøren ganske så samde. Dei ser at noko som går igjen i bøkene hans er det skøyre og utsette mennesket – og karakterar på randa til eksistensen.

– Han skildrar grufulle situasjonar, men i eit sterkt og ofte vakkert språk. Gjennomgåande er håpet. Det er ikkje alltid lett å få auge på, men det er der, som små glimt i mørket, seier redaktøren.

Gjennomgåande er håpet

Aasen meiner dette er bøker for alle som vil lese gode bøker – og som er interessert i språklege sterke, oppslukande romanar som seier noko viktig om vilkåra for det å vere menneske.

Av det Leikvoll har gitt ut, er denne romanen av dei tekstane som ligg lengst unna det ein kan kalle sci-fi eller fabel, sjangrar han tidlegare har vore forbunde med.

– Leikvoll nærma seg vår eiga verd i fleire manus, og han hadde tankar om at dei kommande bøkene skulle gå meir i denne retninga enn dei første romanane hans hadde gjort, seier redaktøren avslutningsvis.

Les også intervjuet med Leah (19) og Levi Henriksen (54) som har skrive bok saman: – Eg var litt redd, for tenk om det ikkje var bra nok og pappa måtte ende opp med å skrive heile boka.