Sogn og Fjordane for ALLE!

Sandra Edith Tenud
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

14-16. juni arrangerer vi Pride for fyrste gong i Sogn og Fjordane. I år reknar ein nemleg at det er 50 år sidan Pride blei markert for fyrste gong, sidan det er 50 år sidan opprøret på Stonewall i New York og LHBT+ aktivisten Kim Friele blei hedra for sitt arbeid i Bergen no nyleg. Historiske kampar er vunne, men det er framleis mange igjen.

Derfor tenkte vi at det var på tide at Sogn og Fjordane blei ein del av denne historia, ved å arrangere Pride her for fyrste gong og vise at våre kommunar er for alle!

Stadig fleire LHBT+ menneske flyttar frå distriktet og Sogn og Fjordane for å kunne vere den dei er og elske den dei ynskjer. Målet for Sofjo Pride 2019 vil vere å motvirke dette, og samstundes bidra til meir vekst i fylket vårt. Vi let oss inspirere av Bygdepride i Volda, som var ein stor suksess. Dei, og andre, har vist at det går å få det til.

Historiske kampar er vunne, men det er framleis mange igjen

Ein fersk rapport frå institutt for samfunnsforskning og barne- og familiedirektoratet syner til at heile 23 prosent av LHBT-personar har blitt utsatt for hets og truslar. Dette er dobbelt så mykje som befolkninga ellers. Og 1 av 4 LHBTI+ mennesker har opplevd hatytringar det siste året. I den norske skulen er «jævla homo» eit av dei mest brukte skjellsorda.

For oss har det vore viktig med eit bredt program med rom for alle. Derfor arrangerar Skeiv Ungdom i Sogn og Fjordane ein alkoholfri fest ved akutten på laurdag. Det skal ikkje ha noko å seie kven du er og kva bakgrunn du har: Pride er for alle!

– Jævla homo er ein klassikar, som eg har fått mange gongar, sa Ap-politikar Kai Steffen Østensen då Framtida.no spurte om kva negative kommentarar han har opplevd å få knytt til legning. Arkivfoto