Fleire fullfører vidaregåande
75,3 prosent av dei som byrja på vidaregåande skole i 2013 fullførte innan fem år.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Tala låg til samanlikning på rundt 69 prosent da Kunnskapsløftet vart innført i 2006, og på 75 prosent på same tid i fjor, melder Kunnskapsdepartementet.
Regjeringa har eit mål om at 90 prosent av elevane fullfører vidaregåande innan fem år.
Vil innføre fleire tiltak
Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H) er glad for at talet aukar, og departementet vil sjå på fleire tiltak for å hindre fråfall.
– Vi trappar opp innsatsen tidleg i utdanninga med fleire lærarar og plikt til intensivopplæring i rekning, lesing og skriving. Vi innfører også ny struktur på yrkesfaga, som også skal gi meir og tidlegare spesialisering, og vi held fast på fråværsgrensa, seier Sanner i pressemeldinga.