NASA har funne 1.284 nye planetar

 Den amerikanske romfartsorganisasjonen NASA seier at 1.284 nye planetar er oppdaga utanfor vårt solsystem med Kepler-teleskopet. 

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette gir oss håp om at ein stad der ute, rundt ei stjerne mykje lik vår, kan vi endeleg oppdage ei ny jord, seier Ellen Stofan, sjefforskar ved NASA -hovudkvarteret i Washington.

Kepler-teleskopet, som vart lansert i 2009, har undersøkt 150.000 stjerner etter teikn til himmellekam som går i bane, spesielt dei som kan støtte liv.

Tidlegare har Kepler-stasjonen funne fleire nye solsystem, med planetar som har likskapar med jorda.

– Av dei nesten 5.000 moglege planetane vi har funne hittil, er fleire enn 3.200 no bekrefta, og 2.325 av desse er oppdaga av Kepler, går det fram av ei fråsegn frå NASA.

Av dei 1.284 nye planetane, kan nesten 550 vere steinete planetar som jorda ut frå storleiken deira. Ni av desse går i bane rundt den levelege sonen til si sol.

Med desse ni er i alt 21 eksoplanetar no kjent for å sirkle sine stjerner i den såkalla levelege sonen og kan huse liv. (©NPK)