Nesten éin av fem vurderer å stemme på bompengeparti

Vestlendingar er mest tilbøyelege til å stemme på Folkeaksjonen nei til mer bompenger (FNB) ved kommunevalet, viser ei meiningsmåling.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nær 20 prosent av dei spurde i ei meiningsmålinggjort av Sentio for Nettavisen, svarer at vurderer å stemme på bompengepartiet FNB ved kommunevalet.

I målinga har 1.000 nordmenn vorte spurde om kor sannsynleg det er at dei vil stemme på Folkeaksjonen nei til mer bompenger (FNB) ved kommunevalet i haust.

Trønderar vil ikkje stemma på bombengepartiet

Åtte prosent svarer at det er svært sannsynleg at dei vil stemme på partiet. Fem prosent seier at det er noko sannsynleg, medan seks prosent svarer at dei kanskje vil stemme på bompengepartiet ved lokalvalet.

Ifølgje tal frå målinga er det dei spurde i Trøndelag som er minst tilbøyeleg til å stemme FNB, medan heile 32 prosent av respondentane på Vestlandet vurderer å stemme på bompengepartiet.

4,8 prosent på landsbasis

I ei meiningsmåling gjort for Norstat for NRK og Aftenposten får Folkeaksjonen nei til mer bompenger (FNB) ei oppslutning på 4,8 prosent på landsbasis, trass i at dei berre stiller til val i elleve kommunar og fire fylkeskommunar.

Partileiar Frode Myrhol meiner protestpartiet har truffe ei nerve i folket.

– Det er eit opprør mot dei tradisjonelle, etablerte partia. Målinga me gjer er heilt sensasjonell, seier Myrhol til NRK.no.

Størst i Bergen

Bompengemotstanden på Vestlandet er stor, noko som også har gitt utslag på lokale meiningsmålingar. I ei meiningsmåling i Bergens Tidende 21. mai fekk bompengepartiet 25,4 prosent oppslutning og var det største partiet i Bergen.

Ved kommunevalet stiller FNB liste i Bergen, Oslo, Stavanger, Skien, Porsgrunn, Sandnes, Sola, Klepp, Askøy, Alver og Øygarden, i tillegg til i fire fylke.

I Drammen og Tromsø er det andre bompengelister.