Beverly Hills forbyr sal av tobakk

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bystyret i California-byen vedtok tysdag samrøystes å forby sal av sigarettar, sigarar, e-sigarettar og andre tobakksprodukt. Forbodet trer i kraft i 2021.

Det vil bli forbode å selje desse produkta frå alt frå bensinstasjonar og kioskar til matbutikkar og apotek. Derimot vil det framleis vere tillate å selje tobakksprodukt frå hotell og spesielle sigar-klubbar.

Skodespelar og tidlegare guvernør Arnold Schwarzenegger har vore ein forkjempar for at det framleis skal vere mogleg å røykje i Beverly Hills. Foto: Governo do Estado de São Paulo, Wikimedia Commons

Schwarzenegger for sigarettar

Blant dei er Grand Havana Room, som er stamstaden til skodespelar og tidlegare guvernør Arnold Schwarzenegger. Han har vore ein forkjempar for at det framleis skal vere mogleg å røykje på enkelte stader i byen.

Forbodet har òg vorte dårleg mottatt av eigarar av bensinstasjonar og kioskar som fryktar at dei vil miste kundar og bli tvungne til å seie opp tilsette.

California var ein av dei første delstatane i USA som innførte røykjeforbod på barar og restaurantar. Det skjedde allereie på midten og slutten av 1990-talet.

Beverly Hills er den delen av gigantbyen Los Angeles, men har eiga lokalforvalting med eit bystyre som vedtar lokale lover.

 

Les også: Internasjonale helseekspertar spår tobakksslutt i 2040