Venstre vil forby pelsimport

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– At vi innfører eit produksjonsforbod her i Noreg, er det første og viktigaste steget på veg mot eit importforbod, seier landbrukspolitisk talsperson i Venstre, André Skjelstad til NTB.

– Nordmenn flest støttar uansett ikkje pelsprodukt, så det vil ikkje merkast noko særleg i handelen. Men det er ei viktig symbolsk sak som viser at Noreg tar dyrevelferd på alvor, legg han til.

Over 300 merke og butikkar seier nei

Også SV ønsker eit forbod mot pelsimport, og Venstre viser til at over 300 merke og kjedebutikkar seier eksplisitt nei til pels.

Venstre meiner at Noreg i samsvar med EØS-avtalen ikkje kan innføre såkalla kvantitative importrestriksjonar eller gjere vedtak som kan ha verknad som importforbod, men at omsynet til dyra sitt liv og deira helse er ein mogleg grunn til unntak.

Stortingets næringskomité gir tysdag frå seg innstillinga si i saka om avviklinga av pelsdyrnæringa. Venstre fekk gjennomslag for dette i regjeringsforhandlingane med Høgre, Framstegspartiet og KrF.

Gjev kompensasjon

Onsdag la dei fire partia fram ei forbetra kompensasjonsordning for pelsdyrbøndene. Bøndene er framleis er sterkt kritiske til forslaget som no ligg på bordet. Auka økonomisk ramme, individuell vurdering av gjelda ved kvart enkelt bruk, kompensasjon til dei over 62 år og auka støtte til riving av byggverk er hovudelement i pakken.

Det er om lag 170 pelsdyrbruk i Noreg, og næringa skal avviklast fram mot 1. februar 2025. (©NPK)

LES OGSÅ: Bondelagsleiar krev full stopp i pelsdyravviklinga