Tidemand-portrett får nytt liv i små dokker

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er veldig mykje arbeid og stor detaljrikdom. Bringeklutane er ikkje større enn ei fyrstikkøskje, forklarer Britt Kjellesvik Rage.

Til saman har dokkemakaren laga rundt 20 dokker kledd i ulike folkedrakter etter Tidemand-portrett.

Søndag 16. juni opnar Hardanger Folkemuseum ei eiga utstilling med dei Tidemand-inspirerte dokkene.

BRUR FRÅ HARDANGER: Britt Kjellesvik rage har laga dokker i alle slags utgåver og fasongar. Her kronebrur frå Hardanger.
Foto: Knut Rage

Små personlegdommar

– Ansiktet og kroppshaldninga bestemmer kva slags person det blir, forklarer dokkemakaren.

Når ho går i gang med å laga ei dokke, veit ho aldri heilt korleis dokka kjem til å sjå ut og kva identitet dokka får.

– Dei blir som små personlegdomar, forklarer ho.

Dokkene er ikkje meir enn rundt tretti centimeter høge, men er utstyrte med forseggjorde folkedrakter i miniatyr.

Å laga dokkene er difor eit tidkrevjande arbeid. Ingenting er tilfeldig. Til og med skoa til dokkene er laga for hand, forma i leire, malt og lakkerte etterpå.

Heile prosessen med å laga dokkene er eit omstendeleg arbeid. Først blir dei bygde opp av ull, streng og hard papp, slik at det blir eit solid skjelett. Deretter blir skjeletta dekt med karda ull og modellert med ull og nålefilting som ein skulptur, før dei til slutt blir dekt med stoff.

DOKKEMAKAR: Britt Kjellesvik Rage har laga dokker i alle slags fasongar og utformingar. Felles for dokkene hennar er at dei har ei historisk forankring.
Foto: Knut Rage

Kjenner att bestemor

For å gje dokkene eit personleg uttrykk brukar ho mykje tid på å granska ansiktsuttrykk hos levande menneske, ikkje minst eldre personar. Det hender folk kjenner att bestemødrene sine i dokkene ho har laga. Nokre blir så begeistra at dei har bedt henne laga slektningar i miniatyr på bestilling.

Å laga ei utstilling med dokker i folkedrakter etter Tidemand er noko Britt Kjellesvik Rage har tenkt på i mange år. Det starta med at ho for mange år sidan fekk boka «Adolph Tidemand og folk han møtte» i gåve. Boka er ført i pennen av draktforskaren og bunadsdronninga Aagot Noss og tek for seg det store arbeidet Tidemand gjorde med å dokumentera gamle folkedrakter.

I nesten tretti år, frå 1843 til 1874, reiste han rundt i Noreg og portretterte folk i folkedrakter. Samlinga omfattar både oljemåleri, teikningar, akvarellar og skissebøker og er i dag i Nasjonalgalleriet si eige.

– Ein blir berørt av desse ofte namngjevne personane som Tidemand portretterte på 1800-talet. Eg fekk lyst til å laga dei på nytt i eit lite format, godt støtta av dei detaljerte draktstudiane til Aagot Noss, fortel ho.

SMÅTT: Dei små dokkene er utstyrte med autentiske kle og hovudplagg i miniatyr. Her brurekrone frå Voss.
Foto: Knut Rage

Ikkje Tiedemand-kopiar

Målet hennar er først og fremst å skapa eit kunstnarleg uttrykk.

– Dette er mitt møte med portretta til Tidemand, det er ikkje reine kopiar. På grunn av det vesle formatet, kan det heller ikkje bli direkte kopiar av alle syteknikkane i dei gamle draktene.

Dokkemakaren kallar utstillinga ei samla gjenskaping av uttrykk.

– Utstillinga blir som ein korrespondanse mellom fortid og notid, der eg prøver å fanga desse levde liva og draktene deira i mitt format, utdjupar ho.

FOLKEDRAKTER I MINIATYR: Britt Kjellesvik Rage har spesialisert seg på å laga dokker med folkedrakter i miniatyr. Her jente og kone med fokedrakter frå Kvam og mann med folkedrakt frå Voss.
Foto: Knut Rage

Historisk forankring

Britt Kjellesvik Rage har studert draktskikk og draktkultur både ved Universitetet i Bergen og ved NTNU.

Heilt sidan ho var lita har ho likt å skapa ting både i tekstilar og i andre materialar. På slutten av 1980-talet fekk ho auga opp for dokkelaging og gamle drakter.

Sidan år 2000 har ho drive sin eigen verkstad og sitt eige galleri på Tysnes. Frå verkstaden hennar har det kome dokker i alle slags fasongar og utformingar. Kor mange dokker ho har laga, har ho ikkje tal på.

Felles for dokkene er at dei gjerne har ei historisk forankring. Ho har arbeidd både med vikingdokker, mellomalderdokker og dokker i autentiske folkedrakter frå Vestlandet, ikkje minst dokker i tysnesdrakt.

AVANSERT DOKKEPYNT: At formatet er lite, hindrar ikkje Britt Kjellesvik Rage i å laga avanserte dokkekle. Her brurekrone frå Hardanger.
Foto: Knut Rage

Lite handarbeid

I tillegg til å laga dokker med historiske drakter, har ho også halde foredrag, skrive artiklar og blogga om emnet. Dokkene hennar er også vist på andre utstillingar både i inn- og utland. Ho har også bygd opp ein stor database over gamle draktplagg i Tysnes. Databasen tel nesten 500 plagg.

Som om ikkje det skulle vera nok, lagar ho også historisk inspirerte kle, spesielt kle frå vikingtida og mellomalderen.

– Men vanleg handarbeid som å brodera og strikka driv eg lite med. Det er ikkje noko for meg.

SMÅ PERSONLEGDOMAR: Britt Kjellesvik Rage arbeider mykje med å gje dokkene sine eit personleg uttrykk.
– Dei blir som små personlegdommar, seier ho.
Foto: Knut Rage