Noregs Ungdomslag vil ha rausare bunadskultur

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mette Vårdal håpar at pamfletten til Noregs Ungdomslag «Ein bunad for alle» kan føra til ein rause bunadskultur. Foto: Olav Haugaløkken / Noregs Ungdomslag

– Det har blitt veldig mykje lover og reglar om kva du kan og ikkje kan. Bunaden har også blitt frykteleg dyr for mange, seier Mette Vårdal som dei tre siste åra har vore leiar i Noregs Ungdomslag

Organisasjonen meiner det har blitt vel mykje stress rundt korleis bunader skal sjå ut, korleis dei skal lagast og alt som høyrer til. No vil Noregs Ungdomslag justera utviklinga.

– Samtidig er det fantastisk at vi har ein så unik kulturarv å ta vare på. Men når vi blir så strenge i ivaretakinga at vi misser brukarane, misser vi noko av gleda med å gå i bunad. Då er det på tide å seia frå om at ein må slappa litt av.

For å at fleire skal oppleva bunadsglede har organisasjonen laga ein pamflett for å knusa nokre av mytane rundt bunadsbruk.

 

Har du bunad?

Har du bunad?

Ja.71
Ja, men brukar ikkje.12
Nei, men har lyst på.16
Nei, vil ikkje ha.13
Svar totalt: 112

 

– Alt må ikkje vera perfekt

– Vi skal ikkje meir enn ein generasjon tilbake, så var det heilt vanleg å sy bunaden sin sjølv, men plutseleg har bunaden blitt noko ein skal kjøpa og då skal dei som syr bunaden tena pengar, seier Vårdal.

Dei seinare åra har bunaden ifylgje Noregs Ungdomslag utvikla seg til å bli eit påkosta statussymbol. Vårdal meiner dette kan vera med å forsterka forskjellane i Noreg og vera eit hinder for at mange får oppleva gleda ved å bruka bunad.

BUNADSGLEDE: Noregs Ungdomslag meiner det er på tide å slakka på bunadskrava og finna tilbake til gleda med bunaden. Foto: Inger Johanne Ruset / Noregs Ungdomslag

– Målet mitt er ikkje at alle bunader skal bli billegare. Eg meiner at ein bunad med mykje arbeid i, er dyr. Men det må vera lov å seia at ein enkel bunad – og ikkje minst ein bunad der du har sydd delar av bunaden sjølv – er like fin.

Poenget hennar er at det må vera rom for å tenkja fleire tankar parallelt og at det er fleire måtar å skaffa seg bunad på. Alt må ikkje gjerast så vanskeleg og dyrt, meiner ho. Sjølv har ho til dømes kjøpt seg brukt bunad på finn.no for nokre tusenlappar.

Vårdal ser på innspelet til Noregs Ungdomslag som hjelp til å navigera i eit felt som stadig bevegar seg.

– Er folk mottakelege for eit meir nyansert syn eller er du redd for reaksjonane?

– Både og. Det er heilt klart nokre som vil reagera, men eg møter også mange som seier «Å, endeleg!».

Les også om då Dale kyrkje i Luster synte fram bunadar og klede frå 200 år tilbake i tid: – Eg trur dette er populært fordi folk er opptekne av tradisjonar

– Ikkje berre for kvite nordmenn

Mette Vårdal håpar initiativet til Noregs Ungdomslag skal føra til ein litt annan bunadsdebatt og ein rausare bunadskultur.

– Det å bruka bunad skal ikkje vera eit trongt nålauga der berre dei beste slepper gjennom. Målet er så mange som mogleg i bunad på 17 mai, og at alle som har på seg bunad skal føla seg utruleg flotte.

Slik er det dessverre ikkje alltid. Vårdal fortel at bunadsjustisen i verste fall kan tippa over til direkte ubehageleg.

– Når ein får avisskriveri om at adoptivbarn ikkje har rett til å gå i bunad, då har det gått over alle støvelskaft, slår ho fast. Ho kjenner også til at folk som er mørke i huda risikerer å bli tiltalt på gata viss dei har på seg bunad.

Det å bruka bunad skal ikkje vera eit trongt nålauga der berre dei beste slepper gjennom

– Desse eksempla er heilt ekstreme. Heldigvis blir dei irettesette. Men når nokon kan seia slike ting er det ei påminning om at det viktig at nokon går i ei anna retning og seier frå. Bunaden misser jo ikkje historia si eller tradisjonen sin sjølv om andre brukar han.

Ho strekar under at Noreg er eit samansett samfunn, og at heile det samansette samfunnet har rett til å eiga bunadstradisjonen.

– Bunader er ikkje ein skatt for kvite nordmenn, slår ho fast.

I pamfletten «Ein bunad for alle», som er lagt ut på nettsidene til Noregs Ungdomslag, kan du lesa korleis organisasjonen vil mjuka opp bunadsreglane og spreia bunadsglede til fleire.

Les også intervjuet med den påtroppande leiaren i Noregs Ungdomslag, Torbjørn Bergwitz Lauen. Han vil gje ungdom ein plass å vere seg sjølv. 

Den nye leiaren i Noregs Ungdomslag, Torbjørn Bergwitz Lauen, har vekse opp i ungdomslaget. Foto: Inger Johanne Ruset