No kan Mona Lisa prate!

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mona Lisa av Leonardo da Vinci er eit av dei mest omdiskuterte kunstverka i verda. Diskusjonane har gått i det vide og det breide: Smilar ho, eller ikkje?

No har derimot nokre forskarar teke det heile eit steg lenger.

No kan Mona Lisa prate.

Falskt smil

Ei gruppe forskarar frå Samsung sitt kunstig intelligens-laboratium i Moskva har klart å puste liv i Mona Lisa utfrå måleriet.

Det skriv den britiske avisa The Telegraph.

Ved hjelp datateknologi har forskarane animert Mona Lisa sitt ansikt ved å bruke ansiktsutrykka til ein levande person.

Sjå videoen her:

Fleire er uroa over mogelegheitane for å misbruke slike sokalla «deep fakes». Det opnar til dømes for at det kan lagast falske videoar av politikarar som tilsynelatande kjem med utsegn dei eigentleg aldri har ytra.

Det som er særleg verdt å merkje seg i dette Mona Lisa-tilfellet, er at forskarane berre har hatt eitt måleri å gå ut frå. Tidlegare har det vore nødvendig med fleire referanser – som fleirfaldige bilete, eit videoklipp – for å skape ein slik effekt.