Når alt stengjer for sommaren, er det viktig at vi opnar opp oss sjølve


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I desse dagar sit tusenvis av elevar og studentar over heile landet og tel ned dagane til sommarferie.

Det er ein draum å endeleg få byte ut eksamenslesing, prøver og lange timar i klasserommet med fri, bading og ferieturar.

I dei same klasseromma sit der elevar som tviheld på desse siste skuledagane før ferien tek til.

Sommar og skulefri er ikkje like positivt for alle. Då kan dei åtte ferievekene brått verke uendeleg lange, akkurat som dei dryge skuletimane der ein kikar bort på klokka kvart einaste minutt. Berre mykje lengre.

Ein fell raskt ut av kvardagselege strukturar og rutinar når ferien startar. Dersom ein også driv med lite på fritida, står ein brått att med mykje tid. Fritidsaktivitetane tek ofte også ferie etter kvart.

Utan noko særleg sosialt nettverk utanfor skule og eventuelle fritidsaktivitetar, kan sommarferien vere ei tid der ein kjenner seg spesielt einsam og usynleg. Det er sårt å ikkje ha nokon å vere med.

Det er sårt å ikkje ha nokon å vere med.

Resten av året er støttepersonar meir tilgjengelege, både lærarar, legar eller helsesystrer. Dei må sjølvsagt også få ta ferie, men det fører til mange stengde dører om sommaren. For nokre vert det som å sitje med handa i vêret heile skuletimen utan å få hjelp.

I sommarferien brukar ein ofte meir tid heime og saman med familien, noko som i dei fleste tilfelle vil vere positivt.

Dersom ein ikkje har det bra heime kan dette derimot vere svært uheldig. Alkohol- og rusmisbruk, krangling, ustabilitet, vald og mishandling er delar av kvardagen heime for ein del barn og unge. Dette tek ikkje omsyn til om det er ferie eller ikkje.

Sommaren kan difor handle om tomflasker, heva stemmer, frykt og ubehag. Kvar skal ein gjere av seg då? I kvardagen har ein kanskje skulen, korpset, fotballaget eller ein annan fellesskap å «rømme» til. Då er det snakk om nokre timar. Sommaren er åtte veker lang og utan mange av desse «skjolda» å gøyme seg bak.

Sommaren er åtte veker lang og utan mange av desse «skjolda» å gøyme seg bak.

Nordmenn brukar mykje pengar på sommarferie, noko Ipsos kunne understreke i ei undersøking frå 2018 for DNB.

Norske familiar planla i gjennomsnitt å bruke over 22 000 kroner på sommarferie. Familiar med barn i alderen 11-14 år budsjetterte med over 38 000 kroner.

Det seier seg sjølv at dette ikkje er pengar alle har moglegheit til å skrape saman. Ein skal heller ikkje trenge å skamme seg for å ikkje klare det.

Økonomi dannar likevel ei tydeleg ramme for kva ein kan finne på. Å ikkje kunne reise eller delta på festivalar og leirar kan verke som eit tap, spesielt dersom ein sit med kjensla av å gå glipp av noko alle andre får vere med på.

Naturen her i landet er ein suveren arena for å drive med aktivitetar som kostar lite eller ingenting.

For å gjere sommarferien betre for nokon, kan ein til dømes invitere ein person ekstra, anten det er på besøk, grilling eller bading.

Det treng heller ikkje å koste så mykje. Naturen her i landet er ein suveren arena for å drive med aktivitetar som kostar lite eller ingenting.

Når alt anna stengjer for sommaren, er det viktig at vi opnar opp. Å vere rause, inkluderande og tilgjengelege er heldigvis noko vi alltid har moglegheit til å vere, sjølv i sommarmånadane.

Når alt anna stengjer for sommaren, er det viktig at vi opnar opp.