– Du må ikkje høyre på ein sjanger du likar, seier musikkforskar.

mm

Will Henshall har forska på musikk i mange år, både som musikar og produsent. Han slår fast at du mistar fokus ved å høyra på musikk du likar. Det melder P3.no.

Henshall jobbar med ei ny musikkteneste som skal hjelpa deg å fokusera og ta i mot informasjon når du jobbar, skriv, studerer eller kva du driv med. Tenesta har fått namnet focus@will.

– Du må ikkje høyra på ein sjanger du likar. Snarare tvert i mot. Om du likar jazz – ikkje høyr på jazz, forklarte Will Henshall i eit av foredraga sine førre veke på ei musikkmesse i San Fransisco, ifølgje Digital Music News.

Ved å spela favorittsongen din, triggar du dopamin i hjernen. Dette vil seia at du triggar område i hovudet ditt som har innverknad på både på rørsla di, motivasjon, hugs og merksemd – og gjer deg avslappa.

LES OGSÅ: Gitarspeling mot fedme

Mangedobla fokus
Henshall håpar at focus@will skal hjelpa folk med å ikkje bli så frista av Facebook, mobiltelefon og epost. Henshall forklarar konseptet slik:

– Dei fleste klarer å konsentrera seg i kring 20 minuttar når dei skriv eller studerer. Me har funne at om me speler spesielle delar av songar som me speler i ei spesiell rekkjefølgje kan me utvide konsentrasjonstida med opp til kring 100 minutt, seier han til Digital Music News.

LES OGSÅ: – Skytespel er bra for hjernen

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.42

Kommentarar

ANNONSE