Musikk skjerpar konsentrasjonen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Studerer for full musikk

Førre fredag klokka 13.00 sat det elleve personar med høyretelefonar på biblioteket ved det humanistiske fakultet, og fleire hadde sine liggjande ved sidan av seg. Sosiologistudent Lisa Weldhanna er ein av fleire studentar som høyrer på musikk på lesesalen. Ho meiner nyansane i musikken verkar inn på konsentrasjonen.

– Han må vere litt roleg, utan høge lydar. Det er kan hende litt varierande kvifor ein høyrer på musikk på lesesalen, men eg gjer det for å overdøve det ikring meg, seier ho.

For Weldhanna er det òg ein skilnad på kva ein faktisk les.

– Tunge originaltekstar i sosiologi krev meir ro. Det krev meir merksemd sidan språket er tungt, meiner sosiologistudenten.

Ikkje forstyrr meg    
Marie Strand Skåland avslutta nyleg ei doktorgradsstudie på bruk av Mp3-spelarar, og kan stadfeste det Weldhanna seier.

– Musikk i seg sjølv kan bidra til konsentrasjon fordi han gjev eit meir stabilt lydmiljø, og nokon opplever òg at musikken gjev motivasjon og struktur til arbeidet. Musikken gjev ein slags arbeidsrytme, seier Skåland.

Ho meiner at fokuset på arbeidet faktisk kan bli betre gjennom bruk av musikk.

– Lyttaren klarar lettare å fokusere på arbeidet fordi ho skjermar seg frå omgjevnadene, både psykologisk og auditivt, meiner ho.

Skåland peikar òg på at det å sitje på lesesal med øyreproppar sender «ikkje forstyrr meg-signal» til andre ikring deg.

Held motet oppe
Sosiologistudent Weldhanna meiner musikken gjer at ein held motet oppe, at lesinga blir meir koseleg og generelt gjer noko med humøret, sjølv om tekstar i musikken kan verke forstyrrande.

– Tekstar eg følgjer med på blir eit problem. Tekstar eg kan er ein fordel, meiner ho.

Skåland utdjupar dette: – Nokon kan lytte til nesten kva som helst og oppleve at det bidreg til konsentrasjon, medan andre ikkje kan lytte til musikk i det heile medan dei les fordi det tek for mykje fokus. Mange kan høyre på nokre typar musikk og ikkje andre, for eksempel musikk utan tekst, når dei les.

Hun påpeikar også at det er stor forskjell på kva slags arbeid ein gjer.

– Nokon treng å ha det heilt stille når dei skal konsentrere seg om lesing, til dømes, men kan høyre på musikk når dei gjer oppgåver som går meir på rutine, eller som ikkje krev like høg konsentrasjon, forklarar ho.

Kroppen og hjernen beroliges
Professor i musikkterapi, Brynjulf Stige, peikar på fleire nyansar mellom musikk og læring.

– Musikken påverkar kroppen og hjernen ganske direkte, men opplevinga vår er likevel ein annan ting. Vi har ulike tolkingsressursar tilgjengelege, gjennom erfaringar og haldningar frå tidlegare. Dersom vi ved bruk av disse tolkingsressursane opplever musikken som positiv og roande, kan det vere fruktbart òg i høve til læring, meiner Stige.

Det er litt usikkert om det å høyre på musikk medan ein les har med multitasking å gjere. Medan Weldhanna meiner at det er ein sjanse for det, avvisar Skåland dette.

– Det har ikkje så mykje å gjere med evna til multitasking, men meir korleis ein lyttar til musikk. Enkelte blir så oppteken av musikken at dei har problem med å gjere andre oppgåver på samme tid, medan nokre synest det er godt å ha musikken som ein slags «lydkulisse» når dei jobbar, forklarar ho.

Les saka i Studvest her!