Ny undersøking: Ein av fire nordmenn meiner nokre menneskerasar er smartare enn andre

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Direktør i Bufdir, Mari Trommald, seier til NRK at ho er overraska over at så mange har stereotypiske haldningar til rase og at rase betyr noko for intelligens.

Ho understrekar at rase er eit omgrep som i dag ikkje blir brukt om menneske, men at forskarane bak rapporten har brukt uttrykket bevisst for å finne ut kva folk legg i det, som eit forskingsmessig grep.

Les også: – Dei som skriv hatytringar er ikkje einsame ulvar

– Bekymra for konsekvensane

Det er ingen skilnader mellom aldersgrupper i haldningar til «rase»-spørsmålet, men ideen om at menneske kan rangerast etter «rasar», er meir utbreidd blant personar med lågare utdanning, viser undersøkinga.

– Vi er bekymra for konsekvensane av dette. Negative haldningar kan avgrense enkeltpersonar moglegheit til å delta i samfunnet, og gi ei oppleving av manglande tilhøyrsel til samfunnet dei lever i, seier Trommald.

Forskingsstiftinga Fafo har gjennomført undersøkinga på oppdrag frå Barne-, ungdoms og familiedirektoratet (Bufdir). 4.443 personar har deltatt i undersøkinga som kartlegg haldningar om likestilling og diskriminering.

Les også intervjuet med Ali Hamza om hatprat: – Eg forventa sakleg kritikk, men eg fekk ting som var basert på min hudfarge, min etnisitet, meg som person og korleis eg ser ut. 

Fylkesleiar i Rogaland AUF, Ali Hamza, opplevde at politiet tok saka hans på alvor då han som 16-åring anmeldte hatefulle ytringar i kjølvatnet av eit debattinnlegg.