«Sjå rundt deg. Kven er der? Meir viktig – kven er ikkje der?»


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Kjære, kjære Noreg. Gratulerer så mykje med dagen.

I dag er endeleg dagen her. Dagen der vi skal heidre dei 112 menneska som sat på Eidsvoll i 1814 og laga grunnlova vår. Fundamentet for samfunnet vårt, som til sjuande og sist fungerer forferdelig bra.

Alt i frå små grendehus i distrikta til den flottast salen på slottet, skal pyntast og dekorerast med det flottaste vi har tilgjengelig. Det skal fortærast uhorvelege mengder is, pølser og brus og det skal også sprettast ein del flasker med champagne.

Truleg vil det for nokre av oss, bli for mykje av gode. Men i dag syns eg dette må vere greitt. For i dag skal vi ta ei pause frå det stressande livet vi elles lev og vi skal ha det fint saman.

Jon Olav si 17. mai-feiring har gått frå barnefest til champagnefrukost. Foto: Privat

Frå barnetog til champagnefrukost

Heilt sidan eg var liten har eg vore veldig glad i 17. mai.

Fram til eg var 18 år feira eg stort sett kvar 17. mai i heimbygda mi, Barstadvik.

Eg har veldig mange gode minner der i frå. Programmet var stort sett det same kvart år: Barnetog, så leikar, så barnefest og til slutt folkefest.

Det var og ein kontinuerlig strøm av mat gjennom dagen – sjølvsagt. Heile bygda pynta seg og møtte opp. Det var ordentlig stas. Ein av mine favorittdagar.

Vidare, då eg vart student, blei rutinane litt endra. Barnetog blei bytta ut med champagnefrukost, leikane blei til grilling og gode samtalar medan avslutninga på dagen fekk ein tendens til å strekke seg ut i nattetimane.

Men framleis var hovudingrediensen den same: Ein stor gjeng med menneske eg bryr meg om og er glad i. Framleis var det ein av favorittdagane mine.

Einsemd og sosiale medium

Eg har også tru på årets 17. mai. Mykje på grunn av at eg skal vere saman med folk eg bryr meg om. Dette får meg til å tenke på dei som ikkje er like heldige. Eg har eit ønske om at alle andre også tenker litt over dette. Og aller helst gjer noko med det.

Einsemd er i høgaste grad eit reelt problem i dagens samfunn. Ein les stadig om folk som føler seg einsame i dei store norske media.

Kanskje er det eit paradoks at dette skjer i dagens sosiale medium-verd, eller kanskje er det ikkje det. Eg kan for lite for å sei så mykje om akkurat det. Men det er uansett veldig trist. Spesielt på dagar som dette, der ein veit at veldig mange andre har nokon å dele dagen med.

Snakk med alle!

Så eg har lyst til å kome med ei oppmoding:

Sjå rundt deg. Kven er der? Meir viktig – kven er ikkje der? Snakk med kvarandre og snakk med menneske som du vanlegvis ikkje snakkar med.

I dagens samfunn er det heller ikkje så lett å sjå kven som føler på einsemd, så snakk med alle for å vere heilt sikker. Det krev ikkje så fryktelig mykje skjønnar du. Men det kan bety ganske mykje for vedkomande du pratar med.

Til slutt vil eg igjen ønske alle saman til lukke med dagen. Eg håper det er fint vær der du er og at dagen vil bere preg av lukke.

HIPP, HIPP – HURRA!

Les òg om gruppa «Hey man!», som skal nedkjempe einsemd blant menn:

Andreas Emil Hjertaker håpar «Hey man!» vert ein naturleg stad å oppsøke dersom ein treng eit nettverk i ny by, eller berre vil utvide det ein har.