Skjermbrukutvalet meiner elevar bør lese meir på papir
Elevar må lese meir på papir enn på skjerm, konkluderer det regjeringsoppnemnde Skjermbrukutvalet i ein fersk rapport.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Skjermbruken i norske skular har auka raskt på kort tid, men rapporten oppmodar til ein balanse mellom bruken av det digitale og det trykte, skriv NRK , som har fått tilgang til rapporten.
I rapporten ser utvalet på kva slag konsekvensar skjermbruk i skulen har fått.
– Skjermen bør ikkje erstatte bok, handskrift eller fysisk trening, seier Robert Steen til kanalen.
Han har leidd utvalet.
Dette er blant konklusjonane i rapporten:
- Både trykte og digitale teknologiar bør ha sin plass i skulen.
- Mykje tyder på at elevane bør lese meir på papir.
- Både handskrift og tastatur har sin naturlege plass i undervisninga.
- Styresmaktene bør evaluere nasjonale retningslinjer.
Skjermbrukutvalet er utnemnt av regjeringa og skal betre kunnskapsgrunnlaget om korleis skjermbruken til barn og unge i barnehage, skule og fritid påverkar helse, livskvalitet, læring og oppvekst. Utvalet er leidd av tidlegare helsebyråd i Oslo, Robert Steen.