Nasjonalt forbod mot heliumballongar lèt vente på seg

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Arild Hermstad er nasjonal talsperson i MDG. Foto: Thomas Ekström, via Miljøpartiet De Grønne/Flickr/CC BY-SA 2.0

I byrjinga av mai 2018 bad eit samrøystes Storting regjeringa om å snarast mogleg greie ut eit nasjonalt forbod mot heliumballongar. Sjølv om kommunar har tilgang til å regulere gatesal, er eit nasjonalt forbod på all eigedom ikkje ein realitet før nasjonaldagen i år.

– Dette burde klimaministeren klare å levere på. Eg merkar meg at det ikkje er meir enn to dagar sidan Elvestuen sa han ville forby eingongsplast. Om han vil bruke like lang tid på dette, kan det gå vinter og vår før forbodet kjem på plass, seier nasjonal talsperson Arild Hermstad i Miljøpartiet Dei Grøne til Aftenposten.

Nyleg kunngjorde regjeringa at dei vil forby eingongsplast før sommaren 2020. EU har vedtatt eit tilsvarande forbod frå og med 2021.

Les også: Kan sopp og bakteriar løysa plastproblemet?

Viktigare med forbod mot eingongsplast

Når det gjeld eit eventuelt forbod mot heliumballongar, seier klima- og miljøvernminister Ola Elvestuen (V) at det nedsette utvalet har fått frist til september i år og mars neste år.

– Kommunane har moglegheit til å forby dette. Det er har større tyding å følgje opp forbodet mot eingongsplast raskt. No får vi raskt på plass eit forbod mot eingongsplast. Det er eit viktig steg for å redusere risikoen for avfall på avvege, seier klima- og miljøvernministeren.

I fjor forbaud minst 29 kommunar sal av heliumballongar på offentleg eigedom på 17. mai. Fleire stader i Oslo og Bærum vart heliumballongar konfiskerte og destruerte av politiet.

Les også reportasjen om Maria (23) som lagar fuglar av plasten som tek livet av sjøfuglane.

Maria Victoria Hansen brukar berre gjenvunne materiale med originalfargar.